Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Zoo logisk vart vinnar av nordisk biletbokkonkurranse i 2004. Boka handlar om dyr. Blant anna. Til dømes eit dyr som snålen, securitas dubiosum. Han «lever verken langsomt som sneglen eller vått som ålen. Men midt imellom. Den er populær blant bestemødre og spioner. Kalles også sikkerhetsnål.» Og så er det ein biletserie (fotografi) av to veldig søte sikkerheit-snåler: Den eine blir gravid og føder, og dermed er dei tre. Elles er her bilete av nyforelska felemark på landskappleik i Gvarv, ei einsleg og medteken spyfluge, diamantsonjanattsvermeren Ingrid, som berre er snill, og ein fredfull fredfugl.

Boka er inndelt i fire kapittel: eitt om store dyr, eitt om fuglar, eitt om fisk og eitt om insekt. Kvart av kapitla blir innleidd med ordet dyr, fisk, fugl eller insekt på 43 språk, blant anna samisk, esperanto og indonesisk. Alle dyra er avbilda som fotografi eller teikning, men dei ser ikkje heilt ut som vi vanlegvis ser dei for oss. Biletet av elefanten er eigentleg eit bilete av ein høvel, biletet av skorpionen er eigentleg eit bilete av eit gammalt engelsk skohorn, biletet av sjiraffen er eigentleg eit bilete av ein tommestokk. Ein leidningsstump, ein gummistrikk, ein flaskekost, ein kleshengar, ei hårnål – grafikaren og illustratøren Kai Gjelseth ser eit dyr i alt, anten dyr som eksisterer i røynda, eller dyr han diktar opp sjølv, til dømes bokseopnarhauken frå Færøyane, som er ein kløppar på fiskehermetikk. Fjørkre er så mangt i Gjelseths elleville fantasi: ein bokseopnar, ei rottefelle, ein saksofon, eit helikopter.

All tekst i boka er skriven for hand, nokre liner her og der med spegelskrift. Det er ein rik tekst for barn i alle aldrar, også barn med doktorgrad i til dømes zoologi. Dette er ei bok det ikkje går an verken å bli ferdig med eller vekse frå. Det er eit eineståande, forseggjort, ertelyste og stimulerande verk om kunsten å sjå og å sjå for seg – og å nærme seg ein tanke frå nye vinklar. Og her finst også tekstar som ein vaksen vil få ei heilt anna meining ut av enn eit barn: «Apekatten Ari trives i trærne i Tanzanias jungel mellom Mbeia og Ujiji. Der Stanley fant Livingstone. Han har en ganske spesiell stemme, men gjør ikkje flere pøbelstreker enn aper flest. Det eneste han tar fra de andre, er oppmerksomhet. Det liker’n. Og så uttaler han seg om alt mellom himmel og jord. For det er jo der han bor. Holder seg i form ved å slenge seg fra tre til halv fire.»