Pendel er ei modig bok frå den kvinnelege debutanten; om livet til ein ung, fotballspillande og hobbyfilosofisk gut, med tema som kjærleik, overgrep, og om å stå fram som seg sjølv.

Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Pendel møter vi sekstenåringen Jon Ei. Som mange gutar på sin alder brukar Jon mykje tid på data og på å spele fotball; han spelar til og med spiss på kretslaget. Jon er også, som mange gutar på sin alder, interessert i jenter, og det er ingen han er så interessert i som Kathrine. Ho er annleis enn dei andre jentene, ho er glad og open, og ho luktar sol og appelsin. Jon driv også med nokon ting som ikkje dei fleste gjer. Mellom anna har han eit stort akvarium på rommet sitt, der den rosa fisken Øivind sym omkring. Og Jon elskar Solo sjølv om det er heilt dinosaur, og stundom blir han slått av interessa han sjølv viser for ordentlege nerdeting, som tanken på pendelen han har lært om i fysikk.

Pendelen blandar seg inn i mykje av det Jon tenkjer på. Som til dømes pendelen på eit veggur. Korleis går ting så fort frå pling til plong? Og er pling og plong motsettingar, eller avhengige av kvarandre, som til dømes stille og lyd? Det er mykje pling og plong inni hovudet på Jon Ei. Han tenkjer på pendelen si bane, på faste aksar, amplitudar og på pendelen si rørsle. Han tenkjer på korleis folk kan vere pling og plong. På samfunnsfaglærar Svorke, treig og tung, og på Kathrine, lett og munter. Andre motsettingar passar samen, som Jon sin store far passar til Jon si litle mor; dei er eit lukkeleg ektepar likevel.

Det er mykje som skjer i romanen Pendel . Sjølv om Jon Ei er ein tilsynelatande vanleg vidaregåandeskuleelev. Vi føljer han gjennom små og store hendingar i tilvære; familiemiddagar og samvær med kameratar, skuleoppgåver, actionfulle fotballkampar, og ikkje minst korleis den voldsamme forelskinga i Kathrine utviklar seg til noko djupare. Det visar seg at Jon har mykje å lære om og av folk rundt seg, både dei han har kjent ei stund, og dei han nett har møtt.

Pendel  er ei modig bok frå den kvinnelege debutanten; om livet til ein ung, fotballspillande og hobbyfilosofisk gut, med tema som kjærleik, overgrep, og om å stå fram som seg sjølv. Og forfattaren satsar alt. Her er ungdomstid skildra gjennom ein ungdom, med ungdommen sitt språk og mange populærkulturelle referansar. Det er berre synd at ho slit med å få historia til å henge saman. Ein kan få kjensla av at Evensen vil mykje meir enn ho maktar. Det eine tema etter det andre dukkar opp gjennom historia, og ikkje alle blir bygt godt nok opp, eller får kome fram på ein god nok måte. Karakterane i boka kunne ein også med hell ha blitt betre kjent med. Dei fleste synest noko eindimensjonale, og gjev ikkje historia djupna ho kunne tronge. Skrivestilen er spanande og fartsfylt, og føljer tankane til hovudpersonen Jon. Men forsøket på stemningssetting, som skildring av omgjevnadane, Jon sin skulekvardag og draumar, verkar for tilfeldig til at det fungerar godt nok.

Det er ikkje tvil om at Pendel  er ein ungdomsroman, men det er noko vanskeleg å forstå kva for ei målgruppe innanfor ungdomsalderen boka er skriven for. Språket er enkelt, og hendingane så grundig skildra at ein kan tenkje seg at Evensen er inspirert av filmsjangeren, eller av såkalla Chick-lit –lett fordøyeleg litteratur primært for og med unge kvinner. Det kunne vore forståeleg om målgruppa var yngre ungdom. Samstundes er dei ulike tema i boka relativt tunge og vanskelege, og tonen mellom Jon og kameratane såpass tøff, at ein kan undrast på om den passar for dei yngre.

Om det har vore i Evensen si meining å leggje boka tilrette for eit yngre publikum er det i så fall eit godt initiativ. Samstundes skal ein ikkje undervurdere lesande ungdom. Bøker med mange sider og relativt komplekse karakterar, som til dømes bøkene om Harry Potter, Lord of the Rings og bøker frå forfattarar som Klaus Hagerup og Unni Lindell, blir lese av ungdom ned i tiårsalderen. Då kan ein ikkje gå ut frå at dei som er eldre enn dette blir fornøgde med historier som verkar å ta litt for lett på intellektet deira.

Fakta

Om forfattaren: Hilde Berit Evensen gjorde sin debut som forfattar tidlegare dette året. Ho har vore journalist i ulike avisar og blader i over 20 år, og jobbar no som kommunikasjonsrådgjevar for ”Nasjonale Turistveger”. No prøvar ho seg som forfattar med boka ”Pendel”.