Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei ung jente forsvinn og ein pasient frå ein psykiatrisk institusjon rømmer. Er det nokon samanheng?

Lars Mæhle skriv om eit lite miljø rundt eg-personen Jo. Jo er nett ferdig med ungdomsskulen og sommarferien står for døra, då den yngre systera hans plutseleg blir borte. Det einaste sporet ho har lagt att etter seg, er e-post-korrespondansen med ein som kallar seg Digory.

Det handlar om dei djupare og mørkare sidene av livet og menneskesjela i «Narnia-draumar». Kor mykje ser me kvarandre, kva veit me om korleis dei me er glade i eigentleg har det, korleis kjennast det å bli avvist? Sjølv om det er djupe og eksistensielle spørsmål som blir tatt opp, så opplever eg dette som ein mild og forsonande roman.

Lars Mæhle skriv enkelt og luftig og brukar mykje dialog. Det kler denne boka og heng godt saman med det meir sjangerlause språket i e-postane som romanen dreier seg rundt.

Referansane til Narnia er berre som eit ytre lag i denne boka. Underteikna har ikkje lese bøkene til C.S. Lewis, men fann ut at det ikkje gjorde noko.

Forlaget meiner «Narnia-draumar» er ein ungdomsroman, og det kan dei nok ha rett i. Eg meiner likevel at dette er ei bok vaksne både bør og kan lese for si eiga glede.

Velskriven, kjenslevar og faktisk litt romantisk er inntrykket eg sit att med etter å ha lese denne 150 sider korte romanen.