Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 20:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I «Mannen som elsket Yngve» møter vi Jarle Klepp, sytten år i 1990. Han går 2. klasse på gymnaset, bur med mor, og besøker far anna kvar helg. Jarle har ein besteven, Helge, og ein kjærast, Katrine, og han speler i «Mathias Rust Band». Og han drikk øl. Jarle er sjølverklært alternativ, til det aller meste. Seier nokon ja, kan ein vere sikker på at Jarle – saman med Helge- seier nei. Dei har kommunistiske idear, og ser i 90-tallets spede barndom med sorg på at kommuniststyrde Aust-Europa bryt med sine gamle styresett til fordel for demokratiet, og verst av alt: med demokratiet kjem kapitalismen. Kompisane er opptekne av samfunnsaktuelle tema, og har ei meining om det meste. Deira sjølverklærte motsetningar er streitingar, kristne, og alle borgarlege. Då særs nyrike oljefolk i heimbyen Stavanger.
Bokomslag: Mannen som elsket Yngve


«Mannen som elsket Yngve»
av Tore Renberg
Oktober forlag 2003

Slik er livet til Jarle Klepp. Heilt til ein januardag i 1990 då han brått og plutseleg møter Yngve, den nye guten på skulen. Yngve er ikkje vidare alternativ, heller kanskje borgarleg, og han er ikkje den penaste av gutane på skulen. Men han har ein munn som smilar litt nedover med knallraude leppar, og han er vakker på ein særeigen måte. Og den til då heterofile Jarle fell pladask. Han blir tatt av «Dyret forelskelse», og «lever som ei marionettedukke» styrt av forelskinga sine krav, utan tanke på fare. Det er ikkje så forenelig med den etablerte Jarle Klepp, og han opplever stadig konfrontasjonar mellom dei to Jarle-ane og vera deira.

Det lange håret blir bytt ut med ei kort frisyre, han byrjar å spele tennis med Yngve og Katrine, og han sjonglerar med bortforklaringar for å få endane til å gå saman, så han kan få sjå sin utkåra så mykje som mulig. Samstundes stillar aktørane i den gamle Jarle si verd stadig større krav til han. «Mathias Rust Band” får sin fyrste spelejobb, og Katrine tar forholdet deira stadig meir alvorleg. Far til Jarle byrjar igjen å blande seg inn i livet til Jarle og mora, samstundes som Jarle sin største tryggleik i livet, mora, opplever ei personleg krise. Det bygger seg opp, og går som det må gå.

Jarle seier sjølv: «Hvor dårlig kan ting gå? Det kan gå ufattelig dårlig.» Etter ein skjebnesvanger fest hos «oljeungen» Trond er ingenting som det ein gong var for Jarle, og han må kjempe hardt for å ordne opp i rotet sitt.

«Mannen som elsket Yngve» blei lovprisa av kritikarar då den kom ut i 2003, og har allereie blitt ein samtidsklassikar. Det er på inga måte uforståeleg. Renberg har ei særeigen evne til å ta med seg lesarane inn i handlinga. Han er ein meister i å skildre omgjevnader, i store trekk eller i den minste detalj, utan å miste lesaren eller den gjennomgåande og gjennomborande realistiske stemninga han sett frå fyrste side. Som til dømes skildringar av heimbyen Stavanger, eller Jarle sine tankar om folk rundt seg. Han er ikkje redd for å dra ut tankerekkjar, fantasiar eller tilbakeblikk.

Forfattaren gir miljøet, i form av stader, hendingar og folk, det fokus dei fortener, utan å nødvendigvis ta dei med vidare i historia. Det er eit uvant verkemiddel i notidas tv-seriekultur, men det fungerer godt og bygger opp under den realistiske stemninga.

I kjent Renberg-stil har også karakterane si samtid ei sentral rolle. Frå fyrste kapittel blir ein sett inn i tidsepoken handlinga utspeler seg, med alle faktorar som høyrer med: politikk, TV, nyhende, stil og, ikkje minst, musikk. Forfattaren sit med imponerande kunnskap om kva som pregar 80-, tidleg 90-tall politisk og musikalsk, og han brukar flittig element frå arsenalet sitt. Likevel unngår han at det verkar oppramsande, eller betrevitande; han legg det naturleg inn i handlinga og karakterane, og rammar historia si inn med historia si samtid.

Samtidsskildringane er også delaktige i at «Mannen som elsket Yngve» til tider er ei historie ein kan le av, til tross for at ho tar opp særs alvorlege tema. Ein ler av skildringar av 80-talet, av korleis forelsking gjer sjølv den hardaste aktivist korttenkt og mjukhjarta, av korleis ein usikker og strebande slit seg gjennom ungdomstida, og ikkje minst korleis ein kjenner seg igjen i alt dette.

Renberg skriv med ein munnleg stil, tidvis i dialog med lesarane. Det er ein modig stil som krev balanse, og i starten av historia kan ein spørje seg om han kjem til å klare å følje han opp utover i boka. Det gjer han, med Jarle si historie i fokus, og Jarle som talerøyr. At det er hovudpersonen som styrer historia sin gang blir også gjort tydeleg ved at forfattaren aktivt brukar frampek som verkemiddel. Han gjer historia nærast biografisk truverdig, ved å hoppe fram og tilbake i historia, og hinte fram mot hendingar som skal komme, utan at det øydelegg spenninga, eller gjer ein forvirra.

Renberg maktar med «Mannen som elsket Yngve» å skildre store tema som forelsking og ungdomstid på ein solid og ikkje minst gjenkjenneleg måte, utan å tråkke i alle klisjèfeller som fyljer slike tema. Det er ein bragd. «Mannen som elsket Yngve» er ei bok eg vil anbefale all ungdom, både dei som opplevde 80-talet og dei som kom etter. Det er berre å glede seg til filmen.