Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Familien Neshov skjuler mange løyndommar. Brørne Tor, Margido og Erlend er så forskjellege som dag og natt, og når den gamle mora deira døyr, må dei tre treffe kvarandre igjen. Mora eig slektsgarden, og det er til slutt Tor som vel å drive garden vidare. Tor har ei dotter, Torunn. Ho bur i Oslo, og har mot sin vilje blitt odelsjente. I Ligge i grønne enger får me lese historia om korleis det går med Torunn og familien etter at Tor uventa tek livet av seg sjølv i grisehuset på Neshov.

Torunn har det ikkje godt med seg sjølv. Ho klandrar seg sjølv for at faren tok sjølvmord. Ho hadde aldri ytra noko ønske om å drive slektsgarden vidare, og dette syntest faren var vanskeleg å akseptere. Etter farens død, har ho eit svare strev med å drive garden og sjå etter farfaren som er gammal og skrøpeleg og ikkje klarer å ta vare på seg sjølv. Onklane Margido og Erlend kjem for å hjelpe, men Torunn maktar det ikkje meir. Ho rømmer frå garden utan så mykje som eit farvel.

Både Berlinerpoplene og Eremittkrepsene blei store suksessar, og det er mykje sannsynleg at Ligge i grønne enger vil bli det same. Folk er blitt glade i hovudpersonane og vil ikkje gi slepp på dei. I Ligge i grønne enger markerer Ragde slutten på historia om trønderfamilien.

Ragde har ei eineståande evne til å beskrive folk og miljøa dei lever i. Ein lever seg inn i historia frå første side, fordi forfattaren er så dyktig til å skildre folka og scenene ho plasserer dei i. No, som i dei to andre bøkene om familien Neshov, står dei utdjupande og presise beskrivingane av hovudpersonane heilt sentralt. Det er nok noko av dette som har gjort bøkene så populære. Folk har sans for persongalleriet Ragde har laga.  Lesaren elskar hovudpersonane på godt og vondt, og ein har kjensla av at ein verkeleg kjenner dei, akkurat som ein god venn.

Forutan persongalleriet, er også sjølve plottet i bøkene til Ragde alltid dramatiske og pikante. I Ligge i grønne enger er både sjølvmord, religionsspotting, homofili og sex sentrale tema.  Historia til Ragde er dramatisk, men i teorien kunne historia ho fortel, veldig gjerne ha hendt i røynda. Folk blir gripne av historia hennar, som handlar om ei slekt og løyndommane dei skjuler for kvarandre. Alle løyndommane skapar problem for familien. Hadde dei berre snakka med kvarandre, hadde ting vore lettare. Men hadde det vore noko historie å fortelje då? Neppe.

Ragde skapar også ei svært kvardagsleg tone ved å plassere handlinga i kjente og vante omgivnader. Handlinga går for det meste føre seg i Trondheim, og på ”trønderlåna” på Byneset, forutan i Oslo og i Maridalen. Dette er stader som nordmenn flest kjenner til.

Ligge i grønne enger er ei bok som er flott skriven, til liks med dei to tidlegare bøkene. Men slutten overraskar, og det er inga positiv overrasking. Etter ei slik opptakt, med Berlinerpoplene og Eremittkrepsene i bakhovudet, skuffar ein slik slutt. Slutten kan ein ikkje seie på forhand, slik som slutten i dei føregåande bøkene. Men vil me verkeleg at også den siste boka skal ende slik? Eg som lesar sit igjen som eit levande spørsmålsteikn. Ligge i grønne enger er den siste boka i trilogien. Burde ikkje boka då innehelde ein ordentleg slutt?

Ligge i grønne enger har persongalleriet, dramatikken og den kvardagslege tonen som lesaren er blitt så glad i gjennom suksessane Berlinerpoplene og Eremittkrepsene. Ligge i grønne enger følgjer opp med same tempo og sjarm. Men slutten er langt i frå tilfredstillande. Ja, familien Neshov har falle til ro no. Men me, lesarane,  har aldri vore meir urolege. Me får aldri vite kva som vil skje vidare. Om Ragde då ikkje bestemmer seg for å fortsetje historia om Neshov – slekta. Det veit ein jo aldri.