Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 20:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Interessa for språkutvikling – og vitskap har Uri også teke med seg inn i forfattarskapen sin. Sist i boka Kroppsspråk, om kropp og ord.

Kroppsspråk kan ha fleire tydingar. Denne boka handlar ikkje om kroppsspråk som ikkje-verbal kommunikasjon. Dette handlar ikkje om korleis me nyttar kroppen vår for å formidle ein bodskap eller oppnå kontakt med andre. Dette handlar derimot om kva ord me har på kroppen vår, og alle kroppsdelar som har både velkjende og mindre brukte namn.

Boka er eit skjønnlitterært verk, men kan brukast og lesast som eit oppslagsverk – nærast som ei ordliste. Uri nyttar eit lett og humoristisk språk som gjer at boka kan lesast samanhengande, sjølv om den naturlegvis ber preg av å vere ei “smørbrødliste”. Ho trekk parallellar mellom ulike begrep, språk og bruk av dei ulike orda. Slik set ho orda i samanhengar og fører til at mange nok vil kjenne seg att i skildringane, og ikkje minst trekke på smilebandet, meir enn ein gong.

Boka inneheld 175 eigne oppslagsord og er sortert kronologisk etter dei ulike kroppsdelane. Dermed vert boka delt inn i desse kapitla: Heilt på toppen, Overkroppen, Øvre ekstremitetar, Midt på, Underkroppen og Nedre ekstremitetar.
Slik sett kan ein seie at boka spelar på at ein bygger teksten opp som ein kropp, der ein belyser kroppsdel etter kroppsdel. Dette gir boka særpreg og skil seg frå andre , og meir ordinære, oppslagsverk.

Boka spelar på kuriositetar og overraskar stadig med ord og uttrykk dei fleste ikkje kjenner til. Som regel tek Uri utgangspunkt i det mest brukte av orda, og legg til fleire variantar, både av geografisk art og ut frå språkleg bakgrunn. Boka er blitt til av ein omfattande kjeldebruk – og står sterkt som eit fagleg verk. Trass i at dei språka som er nytta er valde ut frå Uri sin eigen kompetanse og bakgrunn når det gjeld språk. På slutten legg ho då også sjølv vekt på at boka neppe er fullstendig og at det truleg vil bli behov for ei oppfølging. Uri skal ha honnør for ei direkte oppfordring om at dei som har nye ord må sende dei inn til henne på e-post. Det er nok eit bevis på den gjennomgåande gode tonen mellom forfattar og lesar. Ein direkte språkleg tone gjer avstanden mellom dei to kort og fører til ein som lesar vert teke alvorleg.

Boka har ein form som fører tankane i retning av ei lommebok eller eit  mindre oppslagsverk. Denne boka skal tilsynelatande vere kjapp å ty til, og ikkje ta stor plass. Det ser ut som om at konseptet om eit enkelt oppslagsverk er gjennomført.

Boka er illustrert med vitskapelege teikningar av kroppen som gir assosiasjonar til gamle skulebøker og medisinske oppslagsverk. Det kunne med fordel vore meir illustrasjonar for å lette inntrykket av mykje tekst. Samstundes som dei gjennomførte og enkle teikningane gir oss eit inntrykk av heilskap i romanen. Fargeval og det noko grove papirvalet minner også om ei fjern tid.

Underkroppen får naturlegvis stor plass i ei slik bok. Ingen kroppsdel har vel fleire mytar og slengord knytt opp til seg. Til dømes har Helene Uri samla  243 ord for det kvinnelege kjønnsorgan. Så mykje om underkroppen er det blitt at ho i innleiinga til boka faktisk åtvarar mot at ein kan bli støtt av innhaldet. Men det er neppe grunn til det: derimot vil smilet truleg sitje laust under lesinga.

Helene Uri overraskar med boka. Samstundes som ho klarer å opplyse oss og la boka framstå både som ei gledeleg lesaroppleving og som eit nyttig oppslagsverk. Det er ikkje mange som klarer nettopp det.