Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik opnar boka om Jen, ein 17åring frå ein by i Australia som undervegs i boka døyper seg sjølv om til Jinx (ulukkesfugl). Ho er skuleflink og har gode kunstnariske evner. Livet hennar dreier seg i stor grad om venner og familie, men likevel lengtar ho etter noko meir:

”Hun skriker skingrende til mora og søstra,
skriker for å kjenne at hun lever.
Hun vil at det skal skje noe.
Hva som helst.
Alt!”

Søstera til Jen heiter Grace og har Downs syndrom. Faren deira drog sin veg mens mora var gravid med Grace. No er faren gift på nytt, medan mora strever med ein kjærleik som berre er einsidig.
På sida av dette lever Jen eit liv med vennene sine, som også har sitt å slita med.

Charlie + Jen
Då Jen treff Charlie går livet i strak line oppover. Charlie køyrer ein gammal skraphaug av ein Mazda, er morosam og sorglaus. Han ser Sound of Music saman med Grace og følgjer henne slik at ho kan få treffa julenissen. I skjortelomma har han kattungen sin.
Men Charlie har ei stemme som Jen ikkje høyrer, og den stemma fortel at Charlie berre drøymer i svart, aldri i fargar.
Alt som går opp, kjem før eller sidan ned. Slik blir det også for Jen då ho får ei stor sorg å kjempa med. Livet vert for stort, for uhandterbart, og Jen vert til Jinx:

”Jeg sier til familien min at fra nå av
er jeg Jinx –
Grace vet ikke hva det betyr,
men Muttra er skrekkslagen.
– Du bringer ikke ulykke!
Ingenting av dette hadde noe som helst
med deg å gjøre.
Det er ikke din feil!

Kanskje ikke.
Men jeg er en uheldig person å elske.”

Boka om Jen er skriven som ein verseroman, med eit ”dikt” på kvar side. Det er ikkje berre Jen si stemme lesaren får høyre, også foreldra, kjærasten, vennene og andre rundt ho får komma til orde.

Når boka er skriven slik, så gjer det at kvart ord må bli veldig meiningsberande, og mykje handling og stemning ligg i delar av det som ikkje blir sagt med ord. Med så pass lite tekst blir boka dessutan lett å lesa for alle, uansett kva leseferdigheit ein har.

Fakta

Margaret Wild (1948):
Fødd i Sør Afrika, har budd i Asustralia sidan 1972. Wild har utgitt over 40 bøker, stort sett bøker for born. ”Jinx” er hennar første ungdomsbok, og ho kom ut i 2001.