Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den trygge, forutsigbare vennskapen med kompisen Arild kjem meir på avstand, foreldra er ute av syne og gammalt grums frå fortida trugar med å bryte overflata. På skulen treff Anja Malin og får med eitt eit heilt anna liv kasta i fjeset. For Malin har eit rykte som forfølgjer henne.

«Veit du kva dei seier? At Malin og venninnene hennar banka opp ei russejente i vår.»

Malin er farlig, ho er valdeleg, ho drikk og ho røykjer hasj. Det er i alle fall det ryktet seier. Anja skal etter kvart få erfare kva som er sant og ikkje.

Ingelin Røsseland fortel i «Handgranateple» om ei ung jente som ikkje er van med å ta mykje plass. Livet til hovudpersonen Anja går forbi utan å setje særleg djupe spor, for Anja er meir ei slik som hjelper til og passar på: Ho broderer bunadbelte for farmora, ho passar veslebroren Daniel og ho tar ansvar for garden. Men kven passar på Anja?

Anja er ei jente skoren over same lest som uendeleg mange andre norske  jenter. Dei vanlege jentene, dei rolege og greie jentene som ikkje krev særleg mykje av samfunnet rundt seg og som alltid finn ei unnskyldning for andre sine ugjerningar. Dei som ikkje tar plass.

«Herregud, Arild, kva for andre ungdommar enn vi drar på fisketur kvar helg, rører aldri ein dråpe alkohol, går aldri på fest? Det mest crazy me har funne på, er å fiska med gjødselbomber.»

Mora til Anja vil at dottera skal ta meir plass, men for Anja er det ikkje lett å gjere det på kommando. Og då ho byrjar ta regien over sitt eige liv, viser det seg at det ikkje er ho sjølv som tar vala likevel. Livet blir farlig.

Handgranateple  er Ingelin Røssland si fjerde bok. Boka er direkte og ærleg i språket. Røssland tar få omvegar når ho fortel, og handlinga blir driven kjapt framover utan at det blir lettvint eller overflatisk. Snarare tvert om, det er nett alt dette som ligg og lurar under overflatene som forfattaren er så god på. Me skjønar jo at det er meir ved livet til Anja enn det Anja sjølv gir uttrykk for.

Boka er berre 200 sider lang, eller kort, om du vil. Det går fort å lese ho, men det bør ta litt tid å fordøye løysinga Ingelin Røsseland presenterer oss for.

Skjønt, løysing er det kanskje heller ikkje, det me får servert. Det er meir eit slags kolon utan tekst etter seg.