Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 20:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tore Renberg har blitt ein av landets mest populære og kritikerroste forfattarar dei siste åra. Dei mest kjende bøkene han har gjeve ut er kan hende «Mannen som elsket Yngve», og «Kompani Orheim». Han blir lovprisa av lesarar og kritikarar for den truverdige måten han fyljer karakterane sine gjennom oppvekstane deira på. Også denne utgjevinga omhandlar unge som veks opp på 80-talet, og er to romaner i eitt med historiane «Farmor har kabel-tv» og «Videogutten».

«Farmor har kabel-tv» er ei historie om Arve og kompisen Jonas. Dei er 13 år og elskar musikk. Diverre bor dei i einebolig utan kabel-tv og musikk-kanalen Sky channel, men berre statskanalen, og dei sender nesten aldri musikkvideoar. Berre av og til A-ha med «Take on me». Dei som bur i blokk har kabel-tv.

Farmora til Arve bur i blokk, og det kjem Arve på etter å ha møtt ho tilfeldig på butikken ein dag. Jonas vil at dei skal gå på besøk til farmor for å sjå tv, men Arve er litt usikker, for familien har ikkje for vane å besøke ho, sjølv om det egentleg ikkje er noko i vegen med ho. Farmor på si side lever meir i fortida enn notida, «hun er en gammel dame som bare har venner i døden». Ho er sprek i kroppen, men har i det siste byrja mista synet, og har fått ei kjensle av å leve i eit moderne maleri, av til dømes van Gogh.

Sky channel blir for stor ei freisting for Arve, og dei to gutane ringer på hos farmor. Besøket blir ein stor suksess. Farmor har både kabel-tv og fjernsynsapparat og blåbærsaft. Alle tre sit dei saman og fyller ut skjema over songane som går, og evaluerer dei på ein skala frå «lue» til «enorm». Gutane kjem tilbake på besøk i dagane som kjem. Arve blir etterkvart stolt over å ha så snill ei farmor. Av og til irriterar han seg over Jonas, som kallar Arve si farmor for farmor, og som stillar upassande spørsmål. Men Jonas har ei mor som er død, og ein far som jobbar seine dagar i militæret, og veit ikkje alltid heilt kva som passar seg.

Besøk frå barnebarnet gjer heilt om på dagane til farmor. Plutseleg lever ho også i notida. Ho får tilbake dagar med noko å rekke og dårleg tid, for ei farmor må på butikken og kjøpe ingrediensar til muffins eller kanelbollar eller noko anna godt før barnebarnet kjem frå skolen. Etterkvart føler ho seg også som ei retteleg farmor for Arve. Det har ho aldri riktig gjort før, og likar særs godt at ho får moglegheita.

Men både Arve og farmor kjenner på ei frykt som kjem med det nye vennskapen. Brått er farmor sin alderdom og helsetilstand ein trugsel, dei blir begge redde for å miste det nye dei har fått. Historia går frå kapittel seks til ein, og vi fyljer karakterane i det som Arve seinare skal tenkje på som farmor sine siste dagar.

I boka sin andre roman «Videogutten» møter vi Hasse og Pål. Dei er 14 år, og dei er alltid saman. Jentane er ikkje interessert, og dei andre gutane vil ikkje vere med dei. Men dei har kvarandre. Hasse er ein gut med voldsom fantasi, samt ei frykt for å gå glipp av noko i livet han lever. Han ser ofte ting ingen andre kan sjå, ikkje ein gong Pål. Pål er ein rolig fyr, han seier ikkje så mykje, men han synast ikkje det er så farleg, det er alltid nokon andre som seier noko uansett.

Det er mai, og våren er i anmarsj. Det er i alle fall det alle trur, heilt til ein dag det plutseleg frys på og byrjar snø, nesten meir enn det nokon gong har gjort i byen. Hasse ser på det som eit teikn på dommedag. Men det kjem ikkje så mykje action ut av vêrendringane som han hadde håpa på.

Action kjem det derimot med Fredrik, den tynne, nye guten i klassen. Han inviterar dei til å besøke «Videogutten» frå plassen han budde før. Og alt dei skal gjere er å helse frå han. Hasse og Pål forstår ikkje heilt kva dei skal gjere hos Videoguten, men Hasse sin søken etter spenning er stor, og dei likar begge film, så dei dreg. Dei kjem fram i snøvêret, og Videoguten viser seg å vere ein overvektig tenåring som heiter Jan-Inge. Han har kjøleskapet fylt av cola og eit rom fylt med skrekkfilmar. Og han har eldre, tøffe vener som kjem på besøk. Alt dette er ei ny spanande oppleving for dei to gutane, men ingen av dei føler seg heilt trygge i alt det nye.

Likevel bestemmer dei seg for å kome tilbake neste dag, sjølv om dei får beskjed om å ta med noko, og ser seg nødt til å stele pengar av foreldra. Neste dag ser dei ein ny skrekkfilm. Pål likar seg ikkje, han syns den er ond. Sjølv om det fyrste besøket gav han ein heilt ny sjølvtillit fordi han følte han fekk meir kontakt med Jan-Inge enn Hasse, likar han ikkje å vere med dei andre som er hos Videoguten, dei som stel filmar og røyk. Hasse derimot lever seg heilt inn i skrekkfilmen, og er nesten med i han sjølv. Så vil brått Pål heim, og får Hasse med seg. På bussen på veg tilbake frå Videoguten startar Pål å gråte, og vil få Hasse frå å dra tilbake til Jan-Inge. «Nå redder jeg deg Hasse.(…) Ikke gå dit igjen!»

Sjølv om det alltid er dei to, så dreg Hasse aleine til Videoguten dagen etter. Og historia endrar karakter når Hasse blir truga av ein av gutane, får tilbod om å sjå ein ekte skrekkfilm, og finn ut kvifor Jan-Inge har ein hårbørste med lange lyse hår liggande i leiligheta.

Tore Renberg har ei framifrå evne til å la lesarane bli kjende med karakterane han skriv om, og omgjevnadene dei lever i. Han tek seg god tid til å skildre rom og stemning i detalj sjølv i dei mest nervepirrande situasjonane i historiene, og med det dreg han lesarane inn i handlinga. Forfattaren viser seg som ein menneskekjennar, med innsikt i liv og tankar til unge som eldre. Han evnar å få lesarane sine rørt over bestemor som ventar på barnebarnet sitt, og sjå det logiske i at farmor må slå av tven når det er tyskarar på fjernsynet. Samstundes kjennar ein på spaninga til ein fjortenåring som trør utanfor si eiga trygge verd, ynskjer å oppnå aksept frå eldre gutar og stel pengar på bussen. Renberg får dette til heilt utan å moralisere, eller gi lesarane ei overdose meining; han berre fortel karakterane si historie.

Dei to historiene har inga direkte samanheng med kvarandre, men ein forstår at dei utspeler seg i same by og i same tidsepoke. Språklege beskrivingar går igjen, som til dømes at gutane berre har statskanalen, samt skildringar av natur i området handlinga finn stad. Men dei to historiene veks på kvarandre minst like mykje på grunnlag av at dei er ulike som på gjenkjenningsmomenta. Renberg får fram ein skilnad mellom gutar i trettenårsalderen og gutar i fjortenårsalderen, og han gjer det på truverdig vis. Vidare er handlingane i historiene  heilt eigne, og det er ikkje noko problem å skilje dei frå kvarandre. Alvoret i «Videogutten» er noko ganske anna enn i «Farmor har kabel-tv», særs mot sluten av historia. Ein kunne derfor i blant ha ynskja at dette hadde fått ein plass for seg sjølv, då eit alvor av ein slik art treng rom. Samstundes kan ein tenkje seg at Renberg har ei meining bak denne løysninga. Også dette er ei skildring av livet til personane han skriv om, og dei lever så fritt at han omtrent ikkje kan gjeasts ansvarleg for det dei treffer på og opplever i deira verd. Ei verd som inneheld mykje av det same som vår verd gjer, med alvor av ulik art.

Ein av landets fremste forfattarar skuffar ikkje med «Farmor har kabel-tv» og «Videogutten», det er berre å sjå fram til vidare utgivingar.