Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bra bok om kåt fjortis:

Butikkeigaren Sebjørn er ein viktig karakter i den siste romanen til Olaug Nilssen, sjølv om hovudpersonane er tre kvinner.

Sebjørn sjølv står det ikkje så mykje om i boka. Derimot har heile åtte personar blitt underordna patriarken Sebjørn og ingen av dei har eingne namn.

Kona til Sebjørn

Kona til Sebjørn heiter ikkje noko anna enn «kona til Sebjørn». Sebjørn og kona til Sebjørn har heile åtte døtrer, og kona er heimeverande.
Den eldste dottera har derimot namn, ho heiter Maria, bur i byen, studerer sosiologi og jobbar som vaskevikar.
Dei andre sju døtrene er ein udefinerbar masse av døtrer, kalla «døtrene til Sebjørn».
Boka tek for seg dramatiske og mindre dramatiske hendingar i bygda Skoddeheimen og i byen.

Sextelefonar

Alma er 15 år og kjem frå ein anna Skoddeheim-familie. Ho får seg jobb på butikken til Sebjørn, fordi ho må betale ei stor telefonrekning.
Alma har nemleg ringt til sextelefonar mange gonger, og rekninga er stor. Døtrene til Sebjørn ler av Alma, som på si side ikkje tenkjer på stort anna enn sex.
Maria skriv på eit føredrag om korleis det er å vere vaskevikar. Ho vaskar på sosialhøgskulen, og skildrar korleis studentar og ansette ser ned på ho når ho går med vaskevogna, enno ho studerer sjølv.

Kålrabi

Kona til Sebjørn set plutseleg spørsmål til kva ho gjer heime heile dagen. Barna har byrja på skulen, og ho verkar etter å gjere noko anna enn å gå heime.
Ho får ikkje jobb på kålrabistappefabrikken i bygda, men verketronga driv henne til å reise til Oslo og demonstrere utanfor Stortinget.
Det er ikkje noko romantisk komedie, dette. Det er heller ikkje noko beherska og lågmælt skildring om det gode livet på landet. Nilssen skriv så det sprutar, det tek stadig vekk heilt av i fleire retningar.

Nevrotiske

Det som imponerer meg, er korleis Nilssen går inn i dei små konfliktane i kvardagen. Personane er lett nevrotiske, dei overreagerer og overdriv.
Dei tre kvinnene prøver kvar for seg å meistre ein frustrerande kvardag, berre ei av dei får til det ho prøver på.
– Og kvifor heiter eg liksom berre kona til Sebjørn?, spør kona til Sebjørn, og sparkar Sebjørn i låret.
Boka er tragisk, hysterisk, utflytande og morosam. Kven er det som vil «på»? Alle dei tre kvinnene vil «på» det dei drøymer om. Alma vil «på» kjønnslivet, kona til Sebjørn vil «på» arbeidslivet og Maria vil på Vestlandsrevyen.

Jelinek

Olaug Nilssen har sagt at ho er inspirert av mellom anna Eva Jensen og Ragnar Hovland. Eg tenkjer også på den austerriske nobelprisvinnaren Elfride Jelinek når eg les denne romanen.

Eg er «på»

Det har hagla med skryt over Olaug Nilssen etter at «Få meg på, for faen» kom ut. Eg kan ikkje anna enn å slutte meg til jubelropa. Eg er «på» denne boka.