Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyleg kom Lund Eriksen ut med den andre romanen sin for vaksne. Det tar ikke slutt er historia om SV-politikaren og stortingsmannen Brage sin veg mot eit klart ja til NATO-bombing av Jugoslavia.

Brage veks opp på Hunstad, ein forstad til Bodø, i ein politisk og samfunnsengasjert familie. Som barn blir han kjend med historier som vil prega Brage sitt syn på verdiar i vaksen alder. Den fyrste er barnebokhistoria om Mii, ei seks år gamal japansk jente som opplever bombinga av Hiroshima. Den andre er drapet på den svenske statsministaren og fredsforkjemparen Olof Palme.

Desse historiene er sentrale for Brage gjennom heile boka. Og dei er sentrale i alle alderstrinn vi møter Brage i. Frå barneskulealder då han snikhøyrer på når pappa les historia om Mii til storesyster Hulda, via eit par år seinere då han og faren går turen som Olof Palme gjekk siste kvelden han levde, og dei er vitne til at ein mann blir rana utan at far til Brage gjer noko.

Brage kjem heim frå den turen og bestemmer seg for å vera den som ropar “slutt” når nokon blir plaga av andre, og han startar “Barn for fred”, ei foreining for “fred på vår jord og nedrustning”. Brage fryktar at Bodø blir det fyrste målet for ei atombombe om Russland set i gong eit angrep mot vesten, og dei skriv brev til Gorbatsjov og Reagan, og til Gro Harlem Brundtland. Dei får faktisk svar. Med slik suksess får det heller vera at han ikkje lenger har noko å snakka med barndomsvenen Håvard om, og at den halvt serbiske naboguten Alex ikkje klarar å halda seg frå kriminelle aktivitetar.

I ungdomskulealder blir han noko ufrivillig med i Sosialistisk Ungdom, og der møter han Sofie som faktisk er heilt normal, og saman startar dei eit lokallag i Bodø. Dei blir kjende med asylsøkjaren Ismail, og Ismail si sterke historie som kosovoalbaner frå eit Kosovo styrt av serbaren Milosevic. Når Ismail får beskjed om å forlate landet, set Brage i gong ei støttegruppe som hjelper Ismail til kyrkjeasyl.

23 år gamal sit Brage på Stortinget og har stemt for at Kosovo skal bombast av NATO. Det er mykje oppstyr rundt denne saka, men han er sikker på at han har gjort det riktige valet. For bak valet hans ligg mykje historie. Historia om Mii, historia om Palme, om fred og om krig og politikk, historia om Brage og ikkje minst historia til eit augnevitne frå Kosovo. Men så opplever Brage at historia kan endrast, og at ei sanning i krig ikkje er det same som ei sanning i fred.

Det tar ikke slutt er ei fin historie. Ein lever seg inn i livet til Brage og alle fasane av barndommen hans.  Det er ikkje tvil om at forfattaren kan skriva om born og ungdom, noko boka sitt aller fyrste kapittel er eit fint døme på. Historia er truverdig. Stadene og hendingane i boka er godt skildra. Særskilt det om eit sosialistisk politisk liv og om Stortinget kan det verka som om forfattaren har gjort djuptgåande ”research” kring. Språket er flytande, og historiene frå ulike år er godt sett saman.

Alt er så verkeleg og truverdig at det nesten blir for mykje av det gode. For med unntak av eit par historier som ”blir fortald” av Olof Palme si kone og kosovoalbanaren Ismail, blir boka aldri verkeleg spennande. Alle forutsetningar ligg til rette, men Brage er rett og slett for verkeleg i ei rolle som politikar i eit trygt, lite land som Noreg. Og fleire stader der spenninga kunne ha vore bygd opp, har forfattaren valt ei noko unødvendig  skildrande løysning som minnaer om eit filmmanus.

Kan hende var det ikkje forfattaren si meinig å skriva ein thriller. Kan hende var meininga å skriva ei bok om viktige val, og korleis dei vert tekne. Då har han fått det til. Men ein sit ikkje klistra til boka utan å klara å leggja ho frå seg. Noko som er synd, for ho hadde potensiale til å bli ei slik bok; til å bli ein god thriller med ei djupare meining.

Boka bør likevel lesast. Endre Lund Eriksen er ein flink historieforteljar som er verd å få med seg. Det tar ikke slutt er forhåpentlegvis ikkje den siste boka frå forfattaren, og forhåpentlegvis ikkje den siste som er berekna på eit vaksent publikum.