Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nyss fann eg ei kladdebok kor det stod “Dikt for Hilde Myklebust 10 år”. Eg har vist alltid skrive mykje og var tidleg mota på å bli forfattar. Seinare vart det ikkje rett å seia det nett slik, men eg følgde eit slags skrivespor gjennom folkehøgskulen, litteraturvitskap, teatervitskap og seinast Skrivekunstakademiet i fjor.
Men korleis hadde det seg då at ho pensa inn på dikt?
– Etter som eg fekk tid på meg, såg eg at skrivinga mi forma noko og det byrja losna for meg etter kvart. Eg vann ein pris under Olav H. Hauge-dagane i Ulvik, og då fekk eg vel eit spark bak.

Hilde Myklebust hadde eit nesten ferdig manus klart, og etter noko meir bearbeiding sende ho det til Samlaget. Derfrå gjekk det fort.
– Tilbakemeldinga frå forlaget var at dette manuset verka veldig gjennomarbeidd, og me trengte ikkje gjera store endringar før det var klart for utgjeving. Eg vart nesten litt svimmel, så fort gjekk det, men det var kjekt og. Etter at manuset var antatt hjå forlaget oppsto det ho kallar eit ventevakuum. – Ein dett litt av når forlaget jobbar med sitt, då har ein ingen funksjon før boka kjem ut.

Ho hadde hatt ei førestilling om korleis det skulle bli å debutere.
– Før tenkte eg på det med å gje ut bøker som noko litt rosenraudt, men etterkvart som det nærma seg såg eg litt annleis på det. Det var litt skummelt å tenka på at kven som helst kunne lesa dikta mine og ha ei høgst personleg meining om dei. Beretninga er jo så personleg for meg.
Når alt kom til meiner ho at det har vore ei god oppleving, det å debutera. Forlaget var tilstades og stødde opp om henne utan at ho opplevde noko press frå deira sida.
– Det har vore kjekt.

Om innhaldet i “Berre dagar seinare” har ho dette å seie:
– Du kan nok lesa bok like mykje som ein punktroman som ei diktbok. Det handlar om å vera i historia, om å delta i noko større enn seg sjølv, noko ein ikkje kan springa frå.
Kulissane i boka er gardslivet og slektsbanda.
– Det er ei underliggande historie her. Det handlar om å vera eit ledd i ei lengre lenke.
Sjølv karakteriserer ho seg som ei enkel landsens jente, og dette meiner ho speglar seg i dikta hennar.
– Eg har stor sans for det lågmælte, for dei små tinga som speglar dei store.

“Berre dagar seinare” handlar ikkje så mykje om kvinner som ein kanskje skulle tru.
– Det har berre blitt slik, det er no ein gong mennene som har drive denne garden. No, når eg har tatt over, tek historia ei ny retning. Det har ikkje vore gjort før, dette.
Så blir Hilde Myklebust linja som skrår ut, som ho kallar det.
– Eg likar kontrasten i det.