Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Antichrista» er historia om Blanche, ei usikker og venelaus ungjente som studerer statsvitenskap på universitetet. Ho har eit høgt ynskje om å få ei vanleg ungdomstid med vener; «Jeg hadde ikke noe høyere ønske enn å finne bruksanvisningen til min egen ungdom, men det var ikke mulig så lenge ingen så meg.» Så møter ho Christa, ein sprudlande og populær jamnaldrande medstudent. Til Blanche si store overrasking ser Christa hennes veg, og dei får kontakt. Med Christa får Blanche eit sosialt liv. I bytte inviterer Blanche si nye venninne heim for å bo hos seg sidan Christa har så lang reiseveg til skulen.

Foreldra til Blanche legg sin elsk på Christa, og ser på henne som Blanche si sosiale redning. Men samtidig som omverda hyller den fantastiske Christa får Blanche eit ganske anna bilde av jenta. Blanche blir kjent med ei kynisk og manipulerande jente som ope utnyttar «sambuaren» sin, og som ikkje legg skjul på at ho føler seg som ein mykje betre og viktigare person enn den grå musa Blanche. Blanche blir i tvil: Er Christa eit snilt og godt menneske som bryr seg om henne, eller er Christa rett og slett «rein vondskap»? Ho landar på det siste. Og denne Anti-Christa, som Blanche døyper ho, overtar i stor grad alle deler av Blanche sitt liv; skule, fritid, foreldra og til og med senga på soverommet.

Problemet og misnøya byggjer seg opp for Blanche, men ho finn seg i det heilt til Christa kritiserar Blanche sine foreldre, som på si side forguder den nye solstrålen i huset. Då avgjer Blanche at ho skal gå Christa si påstått tragiske historie nærare etter i saumane for å finne ut kva som er sant og ikkje sant, og for å finne ut kven Christa verkeleg er. Resultata er svært overraskande, og til stor gagn for Blanche. Men Anti-Christa er ikkje sein med å slå tilbake, på dei måtane ein manipulerande sekstenåring synest å kunne best.

Temaet ungdomstid, usikkerheit og dårleg sjølvtillit er relevant for mange. Spesielt for tenåringar som sjølv kjenner på problemstillinga, og kan hende særskild for jenter i tenårane. Nothomb si framstilling av to jevnaldrande jenter og korleis «statusskilnad» dei imellom sett standard for forholdet deira, er interressant, men ho hadde kan hende vore tent med å søkje større truverd i skildringa av karakterane og hendingsforløpet. Ho framstillar karakterane noko eindimensjonalt, og dette gjeld særs Blanche sine foreldre. Ein trur ikkje på framstillinga av vanlege foreldre som totalt overser si eiga dotter og behova hennar til fordel for ei heilt ukjend jente.

Nothomb har også litt problem med å portrettere denne ukjende jenta truverdig. Christa blir framstilt som ein real tenåringsdjevel utan ei einaste usikker eller svak side. Dette blir problematisk når ungdomstida og problema knytt til dette synest å vere såpass sentralt i historia, då eg tør påstå at det ikkje finst ein ungdom, verken «god» eller «ond», som aldri er usikker på seg sjølv.

Forfattaren skriv direkte og med mykje rom for hovudpersonen sine tankar. Det er ikkje alltid desse tankane heng godt nok saman i historia, men skrivestilen er god og engasjerende.

I tillegg til karakterframstillinga vil ein kan hende også ha litt vanskeleg for å tru på hendingane i historia. Vegen mellom usikkerheit og sjølvtillit, umognad og mognad, beundring og hat er unaturleg kort –sjølv i ei tenåringsverd. Ein del av løysningane for å binde historia saman synest også noko enkle, og det er uheldig. For med ein liten dose moderasjon ville Nothomb si historie blitt meir truverdig og mykje sterkare.

Temaet Nothomb presenterer fortener å bli skrive mykje om. Historier som «Antichrista» er om og for ei gruppe som kjenner mykje press frå mange kantar om å passe inn i eit snevert mønster, og som dermed er ekstra sårbare for usikkerheit. Men temaet fortener også ei meir truverdig framstilling enn «Antichrista» gjev, ellers er eg redd historia verken vil treffe ungdommen eller dei rundt dei.