Framleis går 14 prosent av oss julebukk

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Sentio som har gjennomført undersøkinga for avisa Nationen.

Halloween er blant tradisjonane som får skulda for at få går julebukk. Det finst til og med ei eiga facebookgruppe, «Ut med knask eller knep, inn med julebukk», som hausten 2017 hadde om lag 124.000 likes.

– Når nye tradisjonar kjem til, er det alltid nokon som er kritiske. Vi kallar det tradisjonskonservatisme. Dei tolkar halloween som ein konkurrent til noko vi har frå før som er på retur. Dei skuldar det nye for å trenge vekk det opphavlege, seier Ane Ohrvik, som er førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo og medforfattar av ein rapport knytt til halloween-vanane våre, til Nationen.

Ho trur årsaka til at berre 14 prosent går julebukk er at det skjer mykje anna i jula.

– I det gamle bondesamfunnet var det strengt regulert kva ein kunne gjere mellom jul og nyttår. Julebukken var eit avbrekk i ei elles stille og kontemplativ julefeiring. I dag er ein ikkje i ro i jula på same måte som før, seier ho. (©NPK)

LES OGSÅ: Juletradisjonar gjennom 1000 år

Fakta: Julebukk

Julebukk er ein tradisjon dei nordiske landa og i Baltikum. Nokre stader i Noreg går ein i romjula, andre stader nyttårsaftan – og andre stader 13.dag jul.

Tradisjonen har truleg opphav frå førkristen tid, men har seinare blitt tilpassa den kristne julefeiringa.

Les meir på Wikipedia!