Jul gjennom tusen år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei ny utstilling ved Norsk Folkemuseum tek for seg korleis julefeiringa har forandra seg frå heidensk tid til våre dagar. Her får du mellom anna greie på kor gammal julenissen er, når det blei vanleg å eta ribbe på julaftan, kor tid vi tok til å senda julekort.

– Det er stor interesse for tradisjonar generelt og for jula spesielt. Folk frå heile landet tek kontakt, fortel konservator Anne Kristin Moe.

LES OGSÅ: Blir inspirert av Vangsgutane

Den eldste jula
Heilt frå heidensk tid har det vore vanleg å bryggja øl til jul. «Haraldskvedet» frå rundt år 900 er den eldste sikre kjelda som fortel om jul.

– Der blir det fortalt om «å drikka jul». Det betyr å halda julelag. Vi veit ikkje detaljar om feiringa, men i lovtekstane står det at mann og kone skal drikka øl til gudane natt til 1. juledag for godt år og fred, seier Moe.

Ho fortel at det allereie i vikingtida var påbode å bryggja øl til jul.

– Den tradisjonen blei ført vidare i kristenretten i mellomalderen, men då blei Odin og Tor bytt ut med Jesus og Maria. Formularet var likevel det same: Til Jesus og Maria for godt år og fred.

Å gje kvarandre julegåver vart ikkje vanleg før på 1900-talet, men både Eirik Jarl og Olav Haraldsson gav gåver til mennene sine tidleg på 1000-talet, blir det fortalt. Skikken med julegåver går tilbake til den romerske kalenderfesten på nyttårsaftan.

– Den norske jula byggjer difor på norrøne, romerske og oldkyrkjelege tradisjonar, heiter det i utstillinga.

Arven frå mellomalderen
Medan vi i dag gaflar i oss ribbe, pinnekjøt og annan julemat i heile desember, var adventstida i mellomalderen fastetid. Det betydde forbod mot å eta kjøt. I staden brukte folk fisk. Det er bakgrunnen for at mange i dag framleis har fisk til middag på julaftan.

– Folk veit det kanskje ikkje sjølve, men det har rot i katolsk tradisjon. Den gongen var julaftan framleis fastedag, fortel Moe.

Før jul var det difor vanleg å reisa på julefiske. Julefisken var torsk og kveite.

– Langs kysten skulle det helst vera fersk fisk, medan andre hadde lutefisk. Lutefisk har vi skriftlege kjelder om tilbake til 1500-talet.

Først ved midnatt natt til første juledag var fasta over. Då var det lov til å eta kjøt. Juleribbe var det derimot ikkje tale om på denne tida. Det blei først vanleg utover på 1800-talet då folk fekk jernkomfyrar.

LES OGSÅ: Aukande strikketrend blant unge

Mat for kropp og sjel
Den kristne julebodskapen hadde ein sentral plass i det gamle bondesamfunnet. Under høgtidsmåltidet julaftan var det vanleg å lesa juleevangeliet og syngja salmar.

– Med julegudstenestene har Kyrkja på ein måte teke over den religiøse samlinga i heimen, seier Moe. Ho meiner det å gå i kyrkja til jul framleis står sterkt i medvitet til folk.

– Tradisjonelt gjekk folk til kyrkje 1. juledag. Gudsteneste julaftan byrja først på slutten av 1800-talet i byane. Dette var barnegudstenester, og rundt 1920 var det framleis debatt om ein burde lesa juleevangeliet denne dagen.

LES OGSÅ: Slik forklarer dei julematen sin

Julebukkar til gru og glede
Å gå julebukk er også ein tradisjon som har røter tilbake i mellomalderen.

– Skikken har bakgrunn frå eit mellomalderspel som blei framført i kyrkjene ved juletider. I spelet er det mellom anna ein djevelliknande figur. På ein eller annan måte festa denne karakteren seg på bygdene og blei til julebukk eller julegeit, fortel Moe.

I byane utvikla det seg ei anna grein av mellomalderspelet som blei kalla for stjernegutar. Dei gjekk rundt frå dør til dør på same måte som julebukkane, men var mykje snillare og hyggjelegare enn dei stygge og skremmande julebukkane.

– Vi kan seia at den skumle jula blei att på bygdene, medan byane fekk ei koselegare jul, seier konservatoren.

LES OGSÅ: Aasen-boksar under mange juletre

Nye tider
Mykje av det vi dag oppfattar som norske juletradisjonar kom først på 1800-talet. Det gjeld både juletre, julegåver, julekaker og julepynt.

– Frå slutten av 1800-talet tek jula til å bli meir materialisert. Tinga får meir å seia enn skikkane, seier Moe.

I etterkrigstida skyt denne utviklinga fart med masseproduksjon av julepynt. .

– Vi får på ein måte to vegar: Ei trendbasert jul og ei tradisjonsjul, meiner Moe. Men tradisjonane forandrar seg også.

– Noko har blitt bort. Andre ting har blitt lagt til. For folk flest er det slutt på heimeslakting, ølbrygging, lysstøyping og nedvasking av huset, men julemåltidet står fast. Feitt og alkohol, dei trådane finn vi heile vegen, seier Anne Kristin Moe og ler. (©NPK)