Juletreet- eit protestantisk symbol

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire juletradisjonar er direkte knytt til juletreet. Både juletrefesten, julepakkane og julesongane har band til treet. Journalist og forfattar Oddgeir Bruaset fortel historia til juletreet i den nye boka «Du grøne glitrande, ein hyllest til juletreet», som kom ut på forlaget Vigmostad og Bjørke tidlegare i år.

– Det byrja ganske trivielt med at forlaget spurde om eg kunne tenkje meg å lage ei juletrebok. Grunnen var vel at eg tidlegare hadde gitt ut ei bok om jul på same forlag, i tillegg til fleire julehefte. Eg undra meg på om det faktisk kunne finnast nok interessant kunnskap om treet til å lage ei heil bok av det. Det fann eg raskt ut at det var, fortel Bruaset til Nynorsk pressekontor.

Luther og juletreet

Første søndag i advent er det julegrantenning mange stadar. Tradisjonen samlar mykje folk. Slik som her i Fredrikstad ein adventssøndag i 2015. Bilde frå boka: Walter Schoffthaler.

Tradisjonen med juletre oppstod tidleg på 1500-talet i området Elsass, som då var tysk, men no er fransk.

– Ulike handverkslaug sette opp grøne tre i lokala sine og byrja å henge pynt på dei. Pynten bestod hovudsakleg av etande ting. Frukt og flate kaker. Treet stod urørt fram til trettandedagsleite. Då hausta barna til lagsfolka og fattigfolk treet ved at dei tok ned og åt pynten, seier Bruaset.

Ikkje lenge etter at tradisjonen oppstod i Tyskland kom reformasjonen. Ei ny gruppe kristne, protestantane, kom på bana og dei trong eit symbol.

– Katolikkane hadde allereie eit kristent symbol i krybba. No trong protestantane eit eige symbol. Og valet fall på treet. Det at eit bartre kunne halde seg grønt gjennom heile vinterhalvåret vart oppfatta som at det hadde ei overnaturleg kraft, og så tok folk til å bere grøne greiner inn i husa, i håp om at den krafta kunne bli overført til dei som budde der Dette var utgangspunktet for at treet no kunne bli symbolet til protestantane. I tillegg fanst det fleire analogiar om tre i Bibelen. Til dømes Livets tre og Kunnskapens tre, seier forfattar Bruaset.

Juletreet i Noreg

Det tok likevel lang tid før treet spreidde seg ut i heimane og ikkje minst ut i resten av Europa og verda. Det første pynta treet ein kjenner til i ein privat heim var i 1605.

Dette bilete er frå den andre julefeiringa under krigen i 1941. Treet er lite og gåvene var neppe særleg kostbare. Bilde frå boka: Oslo Bymuseum.

– Det første juletreet vi kjenner til i Noreg stod pynta først i 1822. Generelt tok det lang tid før skikken spreidde seg. Det var tyske handelsmenn og emigrantar som tok med seg skikken ut i verda, fortel Bruaset og legg til:

– Juletreet blei eit statussymbol. Det var overklassen, godseigarar, embetsmenn og handelsmenn, som først tok treet inn i heimane sine.

Bruaset fortel at det også var fleire grunnar til at tradisjonen brukte tid på å breie seg ut.

– Alle var ikkje like begeistra for den nye skikken fordi mange såg det som avgudsdyrking. I tillegg var nokon motstandarar av å ta tre inn i stova av omsyn til skogen og ei tredje gruppe, hovudsakleg bønder, ville ikkje ta treet inn fordi det var ein skikk som høyrde til overklassen og ein kunne ikkje svikte sin eigen klasse på den måten, seier han.

LES OGSÅ: Pyntar treet vekesvis før

Julepynten som kristent symbol

Mange av juletradisjonane vi har i dag er knytt til treet. Mellom anna gjeld dette juletrepynten.

– Då treet blei eit kristent symbol trong ein i førstninga ikkje å endre så mykje på pynten. Epla og dei flate kakene frå handverkslauga blei med inn i den kristne tradisjonen då eple kunne leie tanken på syndefallet og dei flate kakene likna nattverdsbrød, seier Bruaset som legg til at også ny pynt kom på plass med utgangspunkt i kristendomen.

– Frå midten av 1700-talet byrja ein å nytte levande lys som pynt. I byrjinga hadde ein trearma lys i toppen, heilag tre kongars lys. Også engel blei vanleg i toppen. Først i overgangen mellom 1800- og 1900-talet kom stjerna på plass, og med stjerna oppstod ønskje om stjernestrålar ut frå stjerna, altså glitter. Etter kvart kom og dei velkjende hjartekorgene opp på treet. Hjartet er eit kjærleikssymbol og korgene symboliserte kjærleiken Gud har til menneska. Lenkene blei eit uttrykk for samhald og klokkene på treet skulle minne oss om kyrkjeklokkene, seier han.

Treet blei på denne måten eit uttrykk for Jesus. Toppen ei stjerne som symboliserer fødselen. Botnen ein kross, som symboliserer døden.

Juletradisjonar som endrar meining

I tillegg til julepynt finst det òg andre ting som er knytt til treet.

– Julepakkane hang først på treet. Det var små pakkar og treet kalla ein då for eit gåvetre. Etter kvart byrja dei som hengde gåver på treet å skulle overgå kvarandre. Gåvene blei større og større og hamna under treet, seier Bruaset.

Også juletrefesten har direkte samband med juletretradisjonen.

– Juletrefestar vart først sett på som avgudsdyrking av konservative kristne, fordi ein song og dansa rundt treet. Etter kvart endra haldningane seg og då blei gangen rundt treet oppfatta som noko av det mest høgtidelege ved jula. Slik var det lenge, men i det siste har den interessa dabba av igjen, seier Oddgeir Bruaset.

Tradisjonen med å gå rundt treet slik ein gjorde på juletrefestane er heller ikkje særleg vanleg i heimane lenger.

– I dag er det berre 30 prosent som oppgir at dei går rundt juletreet på julekvelden. Det kan vere fleire grunnar til det: Til dømes kan det vere at ein ikkje kan songane like godt lenger. Ei anna årsak kan vere at gåvene tek meir og meir fokus. I det fleirkulturelle samfunnet er det igjen blitt kontroversielt å gå rundt treet, særleg når det skjer i regi av skulane, avsluttar Bruaset.

LES OGSÅ: Unge pyntar til jul tidlegare enn andre