Pyntar treet vekesvis før veslejuleaftan

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pyntar treet vekesvis før

Monica Skare viser fram sitt julepynta hus i Ørsta. Alt første søndag i advent kom julepynten fram, og treet vart pynta.

– Eg elskar førjulstida, og vil nyte ho mest mogleg. Vi pyntar, handlar og gjer alt tidleg, slik at vi kan bruke resten av ventetida på baking og kos.

Stemning

Trebarnsfamilien er truleg ikkje aleine om å gjere det på denne måten.

– Eg har inntrykk av at min generasjon og dei som er yngre pyntar tidlegare enn før. Eg har sjølv vakse opp med tradisjonen der vi pyntar treet veslejulaftan, men eg trur mange tenker som meg, at dei vil ha stemninga som juletre og pynt gir, litt før.

Lokalhistorikar Roar Rønning (bildet) har også merka seg at julepynten har ein tendens til å dukke opp tidlegare og tidlegare, og i butikkane gjerne alt frå september.

– Det var jo veslejulaftan som var dagen før. Då sette folk både seg sjølve og huset i stand til jul. Og det var også denne dagen treet skulle på plass i stova.

Han fortel at tradisjonen med juletre i stova ikkje er så alt for gammal. Dei første trea i vårt område dukka opp på slutten av 1800-talet.

– Og då var det gjerne berre heime hos dei med dei største stovene.

Allemannseige meiner Rønning at treet vart først på 1900-talet.

– Og før tok førebuingane gjerne lenger tid. Jula var hardt arbeid. Du hadde eigne dagar for ulike gjeremål. Ein dag skulle julefisken verte laga, ein dag skulle dei sette juleøl og så vidare. I dag treng du ikkje å gjere så mykje, du berre opnar lommeboka og dreg kortet, og så er det jul før du veit ordet av det.

Endringar

Sjølv prøver Rønning å halde på tradisjonen med juletrepynting veslejulaftan, men han forstår at tradisjonen stadig er i endring.

– I eit lengre perspektiv er endringane enno større. Før vart juleutstillingane til butikkane avduka på same tid som det var julegrantenning i Ørsta. Då gjekk folk frå julegrantenning til butikkane for å sjå kva dei hadde laga til, og då var det om og gjere å vere mest mogleg fantasifull og kreativ. Julelysa i gata vart også slått på då. Det var høgtid.

Forventning: Frida (6) gler seg til jul i eit julepynta hus. Foto: Privat

Fungerer

Heime hos Monica Skare og sambuaren har jula snart vart ein månad allereie.

– Og vi kjem nok til å halde på denne tradisjonen fordi det fungerer best for oss. Det vil seie for meg og ungane. Sambuaren min er kanskje ikkje heilt samd, men sidan han sjeldan er heime i desember, så vel vi å oversjå det, ler ho.

Som frisør har ho også travle dagar før jul.

– Og då er det godt å kome heim, tenne lys, krype oppi sofaen og setje på litt musikk og berre nyte tida og ikkje stresse med alt som skulle ha vore gjort.

Tidleg ut

Og alt andre nyttårsdag er jula over heime hos Monica, noko som for mange også kan verke å vere litt tidleg.

– Trettande dags jul var regelen før. Då var julemånaden over, om lag ei veke ut i januar. Det prøver eg å halde på sjølv også, seier Roar Rønning.

Monica sluttar helst litt før.

– Andre nyttårsdag startar kvardagen og jula er over for min del. Men då har vi jo hatt julestemning i ein månad, så då er det uansett på tide å pakke ho vekk.

Les saka i Møre-Nytt!