– Det er berre heilt fantastisk

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jublar for fleire sommarjobbar og lærlingplassar

Saka er henta med velvilje frå Kvinnheringen.

Hydro Husnes sine gledelege nyhende om investeringar for 1,3 milliardar og 90 nye arbeidsplassar på Husnes var nok samtale både rundt middagsbord og der folk møttest fredag.

Kvinnheringen forstyrra fem elevar i skulebiblioteket på Kvinnherad vidaregåande skule (KVV) fredag føremiddag, og når dei høyrde at det skulle handla om Hydro Husnes var dei ikkje vanskelege å be.

– Dette var eit strålande nyhende for heile kommunen! er heile gjengen samde om.

Alle fem går på studiespesialiserande, Marcus Såtendal (16) frå Dimmelsvik første året, resten tredje året: Ole Kristian Gjuvsland (20), Husnes, Kristian Enes (18), Ænes, Mats Langmo Røssland (18), Rosendal, og Erlend Fredheim (18), Rosendal.

– Dette er veldig bra. Ikkje berre med tanke på dei 90 faste stillingane, men det må jo bli fleire sommarjobbar òg, smiler Mats, som også peikar på hjørnesteinsbedrifta sine mange bidrag til lokalsamfunnet opp gjennom åra.

Erlend synest også Hydro-satsinga er udelt positiv:

– For oss som snart skal studera, er sommarjobb ein viktig del av det å finansiera studiane, og Hydro Husnes er ein attraktiv plass å søkja sommarjobb. Elles vil 90 nye faste jobbar få ned arbeidsløya, og det er viktig no når det er færre oljejobbar. Kommunen vil få større skatteinntekter – det er òg positivt.

Såpass god økonomi-innsikt lovar bra når dei fire avgangselevane fortel at Kvinnheringen har kapra dei i ein pause i ein økonomiprøve.

Yngstemann Marcus har òg tankar om kva løft B-hallen vil gi:

– Det er ikkje så lett å få faste jobbar her, så 90 nye arbeidsplassar er veldig bra. Dette er viktig for heile kommunen. For til dømes TIP-elevane her vil det vel òg bety fleire lærlingplassar.

Ole Kristian peikar på at også den lokale bustadmarknaden vil få eit løft:

– Eg ser berre positive effektar, og så kjem det ringverknader for andre bedrifter som òg vil få meir å gjera.

Kristian Enes sluttar seg til:

– B-hallen vil gi fleire arbeidsplassar enn dei 90 hos Hydro Husnes, og betra arbeidsmarknad vil føra til at fleire flyttar til Kvinnherad. Det er også ein bra effekt.

Les heile saka på Kvinnheringen.no!