Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torkjel Hurtig (28) er hurtigast i Noreg

Saka er først publisert hjå Bømlo-nytt.

Det var klatraren Richard Bass som lanserte ideen om utfordringa The seven summits på 1980-talet. Sidan har omtrent 350 personar fullført fjellturane, fordelt på heile verda.

Før Hurtig melde seg på var åtte av desse nordmenn. Blant anna står Cecilie Skog, og Randi Skaug på lista.

Topp prestasjon

Hurtig har brukt mykje tid på Bømlo hos besteforeldra Berta og Halvar Hurtig i barndommen, og tanta Nina Hurtig fortalde til Bømlo-nytt i mai at grunnlaget vart lagt opp Siggjo.

LES OGSÅ: Reisebrev frå Himalaya: Moa (24) skal stige Manaslu

16. mai i år vart nemleg Hurtig yngste nordmann som har tatt seg til toppen av Mount Everest. Men også den turen var ein del av eit større mål som han no har fullført.

I løpet av to år og ti månadar har den tidlegare fallskjermjegeren fullført «Seven Summits», som består av;

Aconcagua i Sør-Amerika, Elbrus i Europa, Kilimanjaro, Afrika, Mount Kosciuszko i Australia, Denali i Nord-Amerika, Mount Everest i Asia og til slutt Mount Vinson i Antarktis

Imponert

Randi Skaug som sjølv har vore på toppen av fjella som er nemnt over i teksten var raskt ute med å gratulere Hurtig.

Torkjel Hurtig

Torkjel Hurtig har vore mykje på tur på Bømlo, då han vitja besteforeldra sine. Foto: Privat

– Eg gratulerer han med bestigningane og synest det er flott med pågangsmotet og gjennomføringsevna. Han er til inspirasjon for andre unge menneske og viser at alt er mogeleg om du vil det nok, seier Skaug til Bømlo-nytt.

Fredrik Strang frå Sverige er den fjellklatraren som har brukt minst tid på å fullføra fjellutfordringa. Han brukte ikkje meir enn 210 dagar.

Skaug synest like vel at Hurtig sin tidsbruk er svært imponerande.

– Torkjel har gjort ein god prestasjon. I tillegg til fjellets utfordringar med høgde og vêr er det ein utfordring å komma i posisjon til å klatra innanfor sesong. Eg kjenner ikkje til Torkjel sine tura, men eg tippar han har måtta strekka sesongen for å klara logistikken, sluttar ho.

Torkjel Hurtig er ikkje tilgjenge for kommentarar på dette tidspunktet sida han er på veg ned frå toppen av Mount Vinson. Saka vert oppdatert når han er trygt nede frå fjellet.

Dei som vil kan følgje reisa hans her.