Døve Agnes (25) er breførar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Idet tauet vårt vert passert av eit anna tau prøver ein av deltakarane å snakka til Agnes Stueflaten. Han gir seg fort når ho signaliserer at ho ikkje høyrer. På denne turen er handikappet å ikkje kunna teiknspråk.

– Det er vanskeleg å snakka på ein steinete sti, då må ein nesten sjå ned, forklarar Agnes via tolken, som i dag er med for Framtida.no sin del.

25-åringen er heilt døv, noko ho har vore heile livet. Det har ikkje stoppa ho frå å driva med både friluftsliv og klatring opp igjennom åra.

– Det viktigaste når ein er på tur er å hugsa å sjå bak seg, forklarar Agnes.


Før turstart går Agnes gjennom historia til området og nokre sikkerheitsreglar, ein høyrande tolk omset sidan Framtida.no er med.

Forstår du teiknspråk? Test deg sjølv her!

Positiv arbeidsgjevar
Etter eitt år med økonomistudier fann ho ut at bachelor i idrett, friluftsliv og helse ved Høgskolen i Oslo og Akershus kunne vere ein god veg å gå – utan at ho visste heilt kva ho ville bli.  

I dag jobbar Agnes på Signo Konow senter – som har sjukeheim og bufellesskap for døve og høyrslehemma, og har dei tre siste åra hatt sommarjobb som breførar og guide.

– Eg spurte ei bedrift om eg kunne få guide, men dei var ikkje positive og sa at det vart vanskeleg. Dei skulle ikkje tilsetja ein døv person. Men då eg seinare kontakta Jotunheimen Arrangement var dei veldig positive, forklarar Agnes, når me etter nesten fire timars gange har nådd toppen. 

Dette var ikkje første gongen ho opplevde vanskar med å få sommarjobb på grunn av handikappet sitt. For nokre år sidan opplevde ho at arbeidsgjevar fekk kalde føtter då tolken kom før ho til eit intervju. Heldigvis var det fleire tilstade, som fekk overtalt han til å gje Agnes ein sjanse. Og jobben som gartnar på kyrkjegarden vart hennar.

– Det er berre å søkja på dei jobbane ein vil ha. Det arbeidsgjevar gjerne ikkje veit er at tolk er jo gratis om den døve tingar tolk, så det er ikkje noko problem, smilar Agnes, som ikkje vil seia at ho har hatt store utfordringar med å finna seg jobb.

Ho er likevel kjent med at arbeidsmarknaden kan vera utfordrande for døve.

– Eg kunne nok ikkje blitt politi, eller jobbar på kontor der det er mykje telefonar. Men så er det veldig mykje som går på chat no.


Agnes viser korleis ein skal te seg og halde tauet over Styggebreen.

God fjorårssesong
Med ein tommel opp spør Agnes om alle har det bra på breen. Bakover i taurekkja kjem fleire tomlar opp til svar.

I dagens gruppe er det flest tunghøyrte, der nokre har med seg familie som ikkje kan teiknspråk. Nokre er i likheit med Agnes heilt døve, medan ei har fått CI-operasjon som gjer at ho kan høyra.

I fjor hadde Agnes fem turar med over 60 deltakarar. I år er det litt færre, men til gjengjeld har ho eitt par turar over Besseggen.

– Eg har lyst å gje eitt tilbod til andre døve. Nokon av desse hadde aldri kome seg på toppen av Galdhøpiggen, om det ikkje var for desse turane. Dei kan sjølvsagt melda seg på andre turar, men kanskje er det meir freistande med ein tilrettelagt tur.

Kan døve nyta musikk? Sjå desse flotte videoane frå Sia, Ed Sheeran og Paul McCartney!

Nedlegging av døveskular 
Agnes trur at fleire andre døve, i likheit med ho sjølv, trivst godt i grupper som gjev dei moglegheita til å kommunisera og vere sosiale med kvarandre.

– Eg er eigentleg ikkje så interessert i å bli kjent med høyrande som ikkje kan teiknspråk, for eg likar best å prata på teiknspråk, seier Agnes, som gjerne tyr til mobiltelefonen for å kommunisera skriftleg når ho møter høyrande utan tolk.

25-åringen frå Kolsås har gått i barnehage tilrettelagt for døve, før ho byrja på døveskulen i Skådalen i Oslo, som no er nedlagt.

Både ho òg tolken Jeanette Storli meiner det er feil veg å gå å leggja ned tilbod som rettar seg spesifikt til døve og tunghøyrde.

– Dei døve som er integrert andre stader fell gjerne ut av døvemiljøet og sjølv dei som høyrer litt, fell mykje av i sosiale samanhengar. Det går kanskje greitt ein til ein, men ikkje når det fleire menneskjer rundt, då det fort blir mykje bråk. No til dags er det ofte at små barn får CI, noko ein tenkjer at er til beste for dei, men dei fell gjerne utfor samfunnet for det, forklarar Agnes.


På veg opp møter Agnes nepalske Dawa Chhiri Sherpa, som onkelen hennar introduserte for Noreg og sommarjobb på Galdhøpiggen for mange år sidan.

Lite miljø
Døvemiljøet i Noreg er lite og fleire av deltakarane har møttest før.

Erlend Lønning (28) frå Bergen har gått på Ål folkehøgskule saman med både turkamerat Kristian Bårtveit (25), som er tunghøyrt, og guiden Agnes.

– Det er ein fordel med døv guide fordi identiteten vår er å vera døve og kunna teiknspråk. No har eg aldri vore på tur med ein høyrande guide, men eg føler meg veldig trygg med ein døv guide, forklarar Lønning via tolken.

Til dei andre fortel Lønning om korleis han skada kneet sitt då han gjekk sjufjellsturen i Bergen, ein tur tunghøyrte Tone Rørstad òg kan tenkja seg å gå.


Òg på veg ned må gruppa sikrast skikkeleg over breen.

Høyrande
– Tenk så rart å ikkje høyra noko. Pappa hadde ein vits om at dersom me dett ned i ein sprekk, så høyrer ikkje guiden at me ropar om hjelp.

To av turens yngste deltakarar går og grublar i taurekkja.

9 år gamle Anny Helen Rørstad Løyning er på tur saman med mor, tante, onkel og fleire fetterar. Ho kan ikkje teiknspråk sjølv, men synest det er spanande å sjå på guiden Agnes.

– Døve folk er akkurat som andre folk, berre at dei snakkar litt annleis og har eit anna språk. Folk har så mange dumme spørsmål og spør om mamma kan køyra bil eller lesa ei bok, fortel fetteren Johan Ottar Rørstad Løyning (12).

Erlend Lønning frå Ølve utfor Bergen trivst godt i selskap med andre som snakkar teiknspråk.

Nyfikne omgjevnadar
Det er ikkje fritt for at andre turgåarar ser litt nyfikne på oss, der me sit og snakkar med hendene.

Agnes er ikkje framand for spørsmålet om korleis det er å vera døv. På det må ho jo berre svara at det er heilt vanleg.

Ho synast å merka ei auka interesse for teiknspråk og utdanningar knytt til dette den siste tida.

– Eg trur folk er nysgjerrige og har lyst å læra seg eitt nytt språk – som det jo er.

Anny Helen Rørstad Løyning og Johan Ottar Rørstad Løyning tykkjer det er spanande med teiknspråk, sjølv om dei ikkje forstår kva som blir sagt.