Det er rundt 168 millionar barnearbeidarar i verda

I dag er verdas internasjonale dag mot barnearbeid.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Færre barn blir tvinga til arbeid

– Det er ingen større urett enn å nekta våre barn draumar. (…) Slaveri, menneskehandel, barneekteskap, barnearbeid, seksuelt misbruk og analfabetisme har ingen plass i eit sivilisert samfunn, sa Kailash Satyarthi i sin sterke tale då han aksepterte Nobels fredspris i 2014.

Prisen vann han den gongen saman med Malala Yousafzay, tidenes yngste vinnar av Nobelprisen.

I løpet av meir enn 35 år har den indiske barnerettsaktivisten frigjort over 83.000 barn frå moderne slaveri og barnearbeid. Men kampen er langt frå over.

Sjå talen frå Nobelpriskonserten her:

Barnearbeidarar i landbruk
I år er fjortande året den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO  markerer Verdensdagen mot barnearbeid 12. juni.

Sidan år 2000 har talet på barnearbeidarar gått ned, men framleis reknar ein med at rundt 168 millionar barn under 15 år må arbeide framfor å gå på skule.

Fleirtalet – nesten to av tredelar av barnearbeidarane mellom 5 og 17 år – jobbar i agrikultur, som omfattar bomullsindustrien, matproduksjon, skogbruk, jakt og fiske.

I tillegg er barnearbeid utbreidd i servicenæringa og industrien. 

Over halvparten av barnearbeidarane  jobbar i det som vert rekna som farlege yrke. I dei mest ekstreme tilfella vert borna separert frå familien sin og halde som slavar.

Nesten éin tredel av barnearbeidarane, bur i Asia. Men landa sør for Sahara har høgast andel barnearbeidarar med 21 prosent.

DEBATT: «Naturhippiane vil heller at barn i Afrika skal utvinna mineral»

Gruvearbeidarar i Kongo
Tidlegare i år avslørte Amnesty International og AfreWatch korleis barnearbeidarar vert utnytta i gruveindustrien i Den demokratiske republikken i Kongo.

I 2014 jobba kring 40.000 born i gruveindustrien i landet, som er verdas største eksportør av kobolt. Mineralet vert mellom anna brukt i lithiumbatteri i mobiltelefonar og Amnesty har kritisert Apple, Samsung og Sony for manglande rutinar for å sikre korleis materialet vert utvinna.

– Farane for helse og tryggleik gjer gruvearbeid til ei av dei verste formene for barnearbeid. Selskap som tener 125 milliardar på verdsbasis kan ikkje hevda at dei ikkje klarar å sjekka kvar dei viktigaste minerala i produksjonen kjem frå, uttalte Mark Dummett, som har arbeidd med rapporten for Amnesty International i ei pressemelding.

I arbeidet med rapporten har Amnesty snakka med 87 tidlegare eller noverande gruvearbeidarar – 17 av desse var barn. 

Barna fortalde at dei jobba inntil tolv timar dagleg og bar tunge lass i gruvegongane utan hanskar, vernekle eller ansiktsmasker. Her risikerer dei å bli utsett for alvorlege ulykker i tillegg til risikoen for varige skadar på lungene.  For denne jobben tente dei mellom éin og to dollar til dagen.

Ein av dei er Paul (14) som fortel at han var eitt heilt døgn nede i tunellane, der han òg måtte gå på do.

– Fostermora mi ville senda meg på skulen, men fosterfaren min var imot det. Han utnytta meg ved å tvinge meg til å jobbe i gruvene, fortel 14-åringen i rapporten.

Faktaboks

• Barnearbeid er arbeid som vert utført av barn i skulepliktig alder som går ut over skulegang eller den fysiske og psykiske utviklinga
• Ein reknar med at det er 168 millionar barnearbeidarar i verda
• Dei fleste barnearbeidarane er i Asia og Stillehavsøyene (78 millionar)
• Dei afrikanske landa sør for Sahara har høgast prosentdel av barnearbeid (21 prosent – 59 millionar)
• Agrikultur (jordbruk, skogbruk og fiske) står for to tredelar av barnearbeidet

Kjelde: ILO, 2014