Over 35 millionar slavar i verda

Berre i Europa er truleg over 500.000 menneske fanga i moderne former for slaveri, ifølgje ny rapport. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- 700 lever som slavar i Noreg

Rundt 35,8 millionar menneske i verda lever som slavar. Tala er 20 prosent høgare enn overslaga frå 2013, går det fram av den ferske rapporten frå menneskerettsorganisasjonen Walk Free Foundation. Den store auken kjem av betre data og metodar.

LES OGSÅ: – Verdas største utfordring 

700 slavar i Noreg
Rapporten tar for seg «moderne former for slaveri», som omfattar menneskehandel, tvangsarbeid, gjeldsslaveri, tvangsekteskap og kommersiell seksuell utnytting.

Organisasjonen fann menneske som lever i slaveri, i alle dei 167 landa dei har undersøkt, ifølgje indeksen. Mauritania har den høgste prosentdelen (4 prosent), mens Usbekistan, Haiti, Qatar og India følger hakk i hæl.

Walk Free Foundation reknar med at 700 menneske lever i moderne slaveri i Noreg. (©NPK)