Ny, nasjonal plan skal løfte Saudi-Arabia

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar tredje 15-24 åring i Saudi-Arabia er arbeidslaus

I Saudi-Arabia steig den totale arbeidsløysa til 12,7 prosent i løpet av dei første månadane i år. Det er éin prosent høgare enn det det var i fjor på same tid, skriv Al Jazeera. I mars 2017 stod 32.3 prosent av 15–24 åringar utan arbeid.

– Det har vore lite vekst i privat sekstor, ein høg andel framandarbeidarar på omtrent 30 prosent og få intensiv til å jobbe utanfor offentleg sektor som tilbyr tryggleik og godt betalte jobbar, forklarar Laila Makboul, doktorgradstipendiat i Midtaustenstudiar ved Universitetet i Oslo.

Laila Makboul

Laila Makboul. Foto: Universitetet i Oslo

Vil bli mindre avhengig av olje

I april i fjor lanserte kronprinsen i Saudi-Arabia, prins Mohammed bin Salman (32) ein nasjonal plan som skal løfte økonomien i landet. Landet skal bli mindre avhengig av olje, og det skal satsast på sektorar innan helse, utdanning, infrastruktur og turisme. Planen har fått namnet «Vision 2030», og består av tre fem-årsplanar.

I dag jobbar rundt 70 prosent av Saudi-Arabias befolkning i den offentlege sektoren. Innan år 2025 er det forventa at arbeidsstyrken vil auke til 18 millionar. Det tilsvarar 226.000 nye arbeidarar kvart år – og så mange arbeidsplassar kan ikkje den offentlege sektoren tilby.

– Det er eit mål om å redusere det offentlege talet arbeidsledige menn frå 11,6 prosent til 7 prosent. Dette er planlagt gjennom blant anna å skape nye arbeidsplassar i privat sektor, samt redusere antallet arbeidsinnvandrere, fortel Makboul.

Vil har fleire kvinner i arbeid

I tillegg ynskjer det politiske leiarskapet å auke kvinners arbeidsdeltaking. I dag er 22 prosent saudiske kvinner i arbeid. Målet er 30 prosent.

– Dette vil kreve at kvinner får større arbeidsmoglegheiter, som i dag er svært avgrensa som følgje av strenge krav til kjønnssegregering og kvinner sin rørslefridom, seier Makboul.

Kvinner i Saudi Arabia har lenge vore underlagt eit vergesystem. Kvinner må ha tillating frå ein mannleg verge for å kunne reise, jobbe, studere eller gifte seg. I dag er store deler av vergesystemet avskaffa.

– Det som gjenstår er at kvinner må ha tillating frå verge for å reise og for å kunne gifte seg. Førstnemnde er oppe til ny vurdering.

Makboul seier at endringar vil ha økonomisk, demografisk og politisk tyding. Saudiske hushald sin totale økonomi og dermed landets BNP vil auke, fødselsraten vil gå ned og på lang sikt er det forventa at kvinner vil krevje større juridiske rettar.

Unge urolege for konsekvensane

I følgje ei undersøking utført av Young Arab Survey, sa 35 prosent at dei trudde arbeidsløyse ville vere den største utfordringa i framtida. Undersøkinga er basert på svar frå 18-24 åringar frå 16 statar i Midt-Austen og Nord-Afrika.

Saka held fram under biletet

Den saudiarabiske befolkninga er svært ung, og berre 5 prosent av innbyggjarane er over 66 år. Her frå byen Najran, Saudi Arabia. 2005. Foto: Jim/Flickr

At for mange innbyggjarar står utan arbeid kan nemleg få fatale følgjer for staten.

– Arbeidsløyse kan drenere statskassa, føre til låg auke av brutto nasjonalprodukt, låg hushaldssinntekt og det går utover landets totale økonomiske vekst. På det politiske planet kan det føre til politisk frustrasjon og kunne utvikle seg til å bli eit sikkerheitsproblem, seier Makboul.

Ung befolkning

Midtausten og Nord-Afrika har ein svært ung befolkning. Rundt 95 prosent av innbyggarane er i aldersgruppa 0 til 66 år. Det henger blant annet med den høge fødselsraten saudiske kvinner har hatt, spesielt frå oljeboomen på 1970-talet og fram til begynnelsen av 2000-talet, i følgje Makboul.

Låg yrkesdeltaking blant kvinner og prioritering av å etablere familie under denne perioden er også nokon av årsakene bak det høge talet unge saudiarabarar vi ser idag.