Overfall i Volda: – Studentane tek vare på kvarandre

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Møre.

Natt til søndag vart ei ung kvinne utsett for eit overfall i sin eigen bupel i Volda sentrum. Den unge kvinna er student ved Høgskulen i Volda, og skulen er i dialog med studentane om handteringa av situasjonen.

Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, seier til Sunnmørsposten at høgskuleleiinga har vore i tett dialog med politiet og har vore i møte med studentrepresentantar for å informere om hendinga.

– Tidleg måndag hadde vi møte med Studenttinget, og deira reaksjon er at studentane tek vare på kvarandre. Om det er noko høgskuleleiinga kan gjere så står vi til disposisjon, seier Roppen.

Den unge kvinna vart overfallen i sin eigen bustad i Halkjelsgata i Volda sentrum natt til søndag, og politiet er på jakt etter ein kortvokst, mørkhuda mann som hadde på seg mørk caps, mørk jakke og lys bukse.

Mannen vart sist observert springane i retning torget.

Roppen seier at politiet ikkje har kome med råd om at studentane bør ta spesielle omsyn med tanke på at det kan opphalde seg ein ukjend gjerningsperson i lokalmiljøet.

– Vi håpar sjølvsagt at gjerningspersonen vert teken så raskt som råd, seier Roppen.