Ikea får nordisk språkpris for gi verda lingonsylt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikea sel lingonsylt, eller tytebærsyltetøy, over heile verda.

Ikea sel lingonsylt,  tytebærsyltetøy, over heile verda. Foto: Ikea

I si grunngiving trekkjer juryen fram at konsernet har bidratt til at folk både i og utanfor Norden har opna auga for nordisk språk og kultur.

«På alle Ikea-varehus blir det i dag servert skandinaviske spesialitetar i restauranten, skilt med «Tack» og «Hej då» møter kundane, og møbelnamna blir ikkje omsett. Dermed lærer også vi i Norden at det heiter lingon, godas og glas, soldags, tupplur og gäspa på svensk», heiter det.

Ikea-grunnleggjar Ingvar Kamprad. Foto: Sandra Baqirjazid

– Eg er svært takksam for at Foreningen Norden tildeler meg ein så prestisjetung pris. På Ikea legg vi alltid stor vekt på å marknadsføre det unike ved skandinavisk kultur og våre skandinaviske verdiar. Og sidan eg har slite med dysleksi heile livet, forstår eg godt kor viktig språk er, kanskje betre enn dei fleste, seier Ikea-grunnleggjar Ingvar Kamprad.

Prisen blir delt ut måndag kveld på Abbediengen Hovedgård i Oslo. Administrerande direktør Clare Rodgers i Ikea Norge skal ta imot prisen, som blir delt ut av næringsminister Monica Mæland (H).