Amanda Delara henta til urfolksfestival

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Delara er på kort tid blitt kjent for eit spennande og variert lydbilde med ein sterkt politisk og kulturelt bodskap. Heilt klart ein artist å følgje med på i framtida og ein konsert å få med seg i sommar, seier festivalleiar Karoline Trollvik i Riddu Riddu.

Den internasjonale urfolksfestivalen finn årleg stad i Kåfjord kommune i Nord-Troms, i 2018 i tida 12. til 15. juli.

Amanda Delara slapp debutsingelen « Paper Paper » i fjor haust, og då andresingelen «Dirhamz» blei sleppt i vår, utropte NRK P3 henne til den mest spennande artisten i landet. Hennar coverversjon av Karpe-låten «Gunerius» blei brukt i «Skam», og ho blei nominert til Årets nykommar i P3 Gull tidlegare denne månaden.

Ifølgje Riddu Riddus pressemelding ønsker Amanda Delara at hennar nyaste låt «New Generation» skal inspirere hennar eigen generasjon til å «byggje bruer, spreie kjærleik og elske seg sjølv». I oppveksten sakna ho sjølv førebilete å identifisere seg med, og er derfor bevisst rolla ho no har overfor ungdommar med minoritetsbakgrunn, og ønsker å gi dei tru på at dei kan få til akkurat det dei vil sjølv med sin bakgrunn, heiter det vidare.

– Amanda Delara har eit bodskap i musikken eg trur mange minoritetsungdommar vil kjenne seg att i, seier Trollvik.

Delara er allereie klar for Toffen Gunnufsens nye urbanfestival Kadetten.