Odd Nordstoga med dobbeltalbum

Odd Nordstoga gir ut dobbeltalbumet «Kløyvd» i februar, eit album som er akkurat dét: Delt i to ulike lydbilde.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 25.11.2017 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje pressemeldinga viser «Kløyvd» dei to sidene ved artisten og låtskrivaren Odd Nordstoga:

Der den eine er akustisk, forteljande og lener seg mot vise- og countrysjangeren, er den andre meir høgmælt, elektrisk og med følelsar som spring rett ut frå musikken.

Seks av spora er allereie utgitt på strøymetenestene i året som snart er omme, inklusive «Fri», som er blitt ein radiohit.

Etter platesleppet 9. februar reiser Odd Nordstoga ut på landevegen med fullt band, for å spele seg Noreg rundt.

– Dette kjem til å bli så moro. Dette kjem til å bli bra, kommenterer Nordstoga sjølv.

LES OGSÅ: Odd Nordstoga: – Godt å ikkje berre vera følsam i lilla sjal

Her du høyra Odd og bandet:

* 23. februar – Sarpsborg, Sarpsborg Scene

* 24. februar – Bø, Gullbring

* 28. februar – Fosnavåg Konserthus

* 1. mars – Ørsta, Kulturhuset

* 2. mars – Bergen, USF

* 3. mars – Randaberg Kulturscene

* 4. mars – Sola, Kulturhuset

* 6. mars – Ullensaker Kulturhus

* 7. mars – Larvik, Bølgen

* 8. mars – Oslo, Sentrum Scene

* 9. mars – Lillestrøm Kultursenter

* 10. mars – Fredrikstad, Båthuset

* 11. mars – Kongsberg Musikkteater

* 13. mars – Kolbotn, Kolben

* 14. mars – Trondheim, Byscenen

* 16. mars – Oppdal, Kulturhuset

* 17. mars – Kristiansund, Festiviteten

* 18. mars – Ålesund, Terminalen

(©NPK)

LES OGSÅ: Grisen står og hyler på mottaket