iWatching me


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«På sikt er det nettopp muligheten for å diagnostisere, medisinere og kurere en rekke av de farlige sykdommene i samfunnet som vil gjøre det vanskelig ikke å ønske nok en digital dings velkommen inn i livet vårt.» Slik avsluttar Cecilie Asker ein kronikk om smartklokka iWatch. Pulsen min aukar når eg les kronikken. Pulsen blir fanga opp av smartklokka mi. Smartklokka gir produsenten informasjon om pulsen min. Selskapet som laga smartklokka veit meir om meg enn legen min. Dei veit noko om kor sprek eg er, og kor sannsynleg det er at eg blir sjuk eller utsett for ei ulykke. Denne informasjonen sel dei til forsikringsselskap. Det som forsikringsselskapet mitt får vite om meg, ligg til grunn for tilbodet dei gir meg på livsforsikring og forsikinga på bilen og mopeden min. Fordi det er kommersielle og frie aktørar som samlar informasjonen om meg, står dei fritt til å bruke og selje han som dei vil. I praksis, iallfall. Ulikt helsevesenet, til dømes, som er underlagt offentlegheitslova sin paragraf 4a. Og litt til. Kommunikasjonsgigantar som Google, Apple, Microsoft følgjer heilt andre lovar. Eller ingen lovar. Overvakninga som desse driv eller har potensial for å drive, det seier ikkje Aftenpostens kronikk noko om. Det er fråveret av slike kritiske merknadar som gir meg puls. For kven vaktar på kvalifisert vis over dei som vaktar over – om ikkje media gjer det? Kven skal gi meg relevant informasjon om informasjonssamfunnet – om ikkje media gjer det? Offentlegheitslova gir nemleg journalistar ein heil drøss med fridommar og innsynsmulegheiter. Til gjengjeld skal dei gi rett og relevant informasjon attende. Helgas tekst om iWatch ser ikkje elefanten i sjukeværelset.

«Kroppsnær teknologi betyr ikke bare begrensninger, det åpner også opp for nye bruksområder. Ikke minst vil logging av personlig data by på helt nye muligheter innen helseteknologi». Jau då, Aftenposten: iWatch kan kanskje hjartefeil før du får eit infarkt. Kanskje kan ho høyre på stemma di at du har eit problem med stoffskiftet. Men viss til helse – og sportsrelaterte funksjonar finnst heilt spesialiserte dingsar. Dingsar som ikkje er kommunikasjonsteknologi. Dingsar laga av selskap grunnlagt av folk med ambisjonar på helsefronten. Men kronikken problematiserer ikkje lagringa av denne mest intime og basale informasjonen. Ikkje med eit ord. Ho snakkar om den mest private av all informasjon. Og også den mest ettertrakta, til no hemmelegstempla og verna av lovar, og sannsynlegvis noko av den mest kostbare informasjonen som kan komme ut på den opne marknaden.

Du veit ikkje når Facebook eller nemnte Google og Apple kan komme til å selje informasjonen som dei har om deg. Den er lagra til æveleg tid. Det saknar eg at media tar ein debatt om. Korleis kan vi sjonglere ballane i informasjonsteknologi. Kan vi oppretthalde ein fri flyt av informasjon; ytringsfridom og ein delekultur. Og samstundes ha den private overvakninga i mente?

Eg har vore imponert over Aftenpostens journalistikk om falske basestasjonar i osloområdet. Dei har levert grundig fleirkjeldeinformasjon som utvilsamt er nyttig ut over odet å vere allmenn opplyst som medborgar. Det var neppe ein billeg reportasjeserie å lage. Det same gjeld Dagens Næringslivs mange gravesaker om overvakning – både i det private, og frå utanlandsk etterretning mot Noreg. Private kroner kjem stat og styre, kjem deg og meg til gode. Men så er det pressestøtta. Og informasjonsmandatet. Det er ei kontrakt mellom avisene og oss, mellom presse og samfunn: Dei får innsyn og tillit. Så kor er dei kritiske merknadane frå Asker? Det er det vanlege. Apple-effekten. At Apple er dyre. At det er design og ikkje funksjon ein betalar for. At det er irriterande med enno ein dings som ein må lade opp.