Framtida
Publisert
Oppdatert 15.11.2017 09:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forhenverande idrettsutøvar talar med kjent programleiar på TV. Normalt ville dette ikkje vere nokon verdssensasjon, men når idrettsutøvaren er Lance Armstrong, og programleiaren er Oprah Winfrey, og intervjuet opnar med at Armstrong erkjenner at han dopa seg kvar av dei sju gongene på rad han vann verdas største sykkelritt, Tour de France, vert det sensasjonelt. Ikkje fordi ingen visste at Armstrong hadde dopa seg, for det visste nesten alle, bortsett frå dei som har for vane å fornekte heilt ugjendrivelege bevis, men fordi nesten ingen hadde forventa at han nokon gong skulle vedgå det. Men det har han no altså gjort.

Vi veit ikkje berre at Armstrong dopa seg. Vi veit at han veit det sjølv. Dette har lenge vore uklart, for, som han sa, han tenkte ikkje på det som juks. Å dope seg var ein del av førebuingane til rittet, som å ha luft i dekka eller vatn i flaska. Armstrong tok EPO, veksthormon, han fekk ulovlege blodoverføringar, alt for å skulle kunne skaffe seg ein ulovleg fordel i forhold til konkurrentane. Han tvang andre til å dope seg for å skulle kunne hjelpe han å vinne. Han truga, trakasserte og forfølgde folk som visste kva han gjorde, og som freista å avsløre han. Han visste at det var i strid med regelverket, men gjorde det likevel, fordi å vinne var viktigare enn absolutt alt anna. Han er ein svindlar. Han fortener å miste alle titlane, han fortener å måtte betale tilbake alle pengane han har tent, han fortener å verte fråteken all ære. Sannsynlegvis fortener han til og med å måtte tilbringe tid i fengsel. Men – og dette er svært, svært viktig – doping er ulovleg fordi og berre fordi nokon har vedteke det. Det finst ingen universell morallov som seier at ein ikkje skal ta veksthormon.

Reglane i sykkel og all annan idrett er noko menneske har bestemt. Armstrong klarte ikkje å halde seg til reglane, ifølgje seg sjølv fordi det var umogleg for han å vinne utan å bruke doping. Vi veit ikkje sikkert at dette er rett, men vi veit sikkert eller nesten sikkert at svært mange av konkurrentane hans var nesten like dopa som han. Difor kan det vere verdt å spørje seg: kvifor er doping ulovleg? Det vanlege svaret er at det er, og må vere, ulovleg fordi doping gjev den som dopar seg ein urettferdig konkurransefordel, men dette er ikkje eit særleg godt svar, fordi det leiar til eit opplagt paradoks, nemleg at fordelen er urettferdig berre viss doping er ulovleg. Altså, det er ulovleg å dope seg fordi det gjev ein urettferdig fordel, og det gjev ein urettferdig fordel fordi det er ulovleg, og ærlege utøvarar vil difor ikkje gjere det. Ut frå denne logikken kan ein like godt tillate doping, alle vil då truleg dope seg, og den beste dopa utøvaren vil vinne. Eit motargument mot dette er at sjølv om ein tillét doping, og alle følgjeleg dopar seg, vil somme utøvarar likevel ha meir pengar enn andre, og såleis vilje kunne kjøpe betre dop, og det vert urettferdig igjen. Men slik er det óg i sport no: Petter Northug dopar seg ikkje (trur eg), men han har råd til mykje betre ski og hypermoderne spesialdesigna buss og alt mogleg slags fancy utstyr som konkurrentar frå Estland eller Kasakhstan eller kor det måtte vere ikkje har. Det er óg urettferdig. Kvifor skulle det vere meir urettferdig at nokon kunne kjøpt betre dop?

Som vi ser, reint logisk er neppe rettferdsargumentet sterkt nok til åleine å kunne forklare forbodet mot doping. Men det finst andre argument. Eit av dei er at det ganske enkelt er gale – umoralsk – å tukle med kroppen når den ikkje treng å tuklast med. Dette argumentet er særskilt kraftfullt i tilfellet Lance Armstrong. Som tjuefemåring fekk han ein kreftdiagnose. Legane gav han små sjansar til å skulle kunne overleve, men det gjorde han, og etter å ha overlevd starta han klatringa attende mot verdstoppen, gjennom bruk av alle midlar. Doping kan vere farleg, og at ein mann som har overlevd ein dødeleg sjukdom velgjer å gamble med helsa på slikt vis, framstår som eit alvorleg svik mot alle dei som ikkje er like heldige.

Paradokset er at Armstrong, parallelt med karrieren som idrettssvindlar, har gjort ein stor innsats i kampen mot kreft gjennom organisasjonen Livestrong, som han grunnla og bygde opp, og som han no ikkje lenger får lov til å ha noko med å gjere. Han var ikkje berre ein meister på landevegen, han var óg ein stor filantrop. Ein ekte amerikansk helt. Diverre var heltestatusen hans bygd på eit grunnlag av løgn og maktmisbruk. Men gjer dét arbeidet hans for kreftsaka verdilaust og utan meining? Det er eit vanskeleg spørsmål, som eg trur ingen av oss, uansett kor sterkt vi mislikar mennesket Lance Armstrong, og fordømmer dei moralske og juridiske brotsverka han har gjort, kan svare sikkert på.

Ingenting av dette er for eit forsvar å rekne for Armstrong. Han er ei skam for seg sjølv og for sporten kor han ein gong var ei superstjerne. Personleg må eg erkjenne at eg aldri har likt han. Då han var aktiv syklist, syntest eg han framstod som sjølvtilfreds og arrogant. Eg vona alltid at han skulle tape, og kjenner ei viss glede over at han no er riven ned frå sokkelen. Men denne gleda ved at ein annan må betale for sine feil, er ikkje det vakraste trekket ved personlegdomen min, og vi vil alle gjere klokt i å hugse at alle er meir enn summen av alt det gale dei har gjort.