Éin av fem nordmenn opnar for bruk av dødsstraff
Nærmare kvar tredje norske mann – og 23 prosent av befolkninga totalt – opnar for bruk av dødsstraff, ifølgje ei ny undersøking.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Undersøkinga er gjort av Respons Analyse på oppdrag for Amnesty Norge og omtalt i Vårt Land. I overkant av 1.000 personar er blitt bedne om å ta stilling til denne påstanden: «Eg er mot dødsstraff uansett kva kriminell handling det er snakk om».
23 prosent av dei spurde seier at dei er ueinige i påstanden. Forskjellen mellom kjønna er markant: Berre 15 prosent av kvinnene er ueinig i påstanden, mens 31 prosent av mennene svarar det same.
- LES OGSÅ: Kjempar mot dødsstraff
Generalsekretær Jon Peder Egenæs i Amnesty Norge er overraska over tala. Han hadde trudd at fleire var kategorisk mot dødsstraff – spesielt blant mennene.
– Det er alarmerande tal. Dei viser at vi treng ei haldningsendring blant norske menn, seier han.
- LES OGSÅ: Flaumlys mot dødsstraff