Flaumlys mot dødsstraff

I kveld vert motstanden mot dødsstraff markert i over tusen byar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På oppfordring frå Amnesty Vest er det i kveld flaumlys på signalbygg og monument i over tusen byar over heile verda. 50 av dei var hovudstader. Stord er ein av dei minste byane som er med og industriarbeidarmonumenten i Borggarden blir no lyst opp i adventskulda.

"Cities for life" er eit nettverk av byar som syner sin motstand mot dødsstraff. Dette gjer dei først og fremst ved å markera Cities for life-dagen som er ein global aksjonsdag 30. november.

– FN har innført ein moratorium mot dødsstraff og stadig fleire land kvittar seg med dødsstraff. Amnesty International meiner det no er viktig at alle motstandarar bidreg til å påverke land som framleis held fram å praktisera denne brutale og umenneskelege straffemetoden, seier Tanja Clifford i Amnesty Vest.

Det er formannskapet i Stord som har vedteke å delta i denne markeringa ved å lyssetja industriarbeidarmonumentet framføre rådhuset i kveld.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!