Grunnlova i klasserommet

Her får du tips til korleis du kan bruka grunnlovsjubileet i klasserommet!

Framtida
Publisert
Oppdatert 14.11.2017 17:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grunnlova er ikkje spesielt nemnd i kompetansemåla i norsk, historie eller samfunnsfag, men kan vera aktuell å ta utgangspunkt i fleire av faga. Til dømes:

Samfunnsfag 8.-10. trinn
– finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg, og diskutere korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis

Historie Vg 3
– gjøre rede for demokratiutvikling i Norge fra 1800-tallet og fram til 1945 og analysere drivkreftene bak denne utviklingen

Politikk og menneskerettigheter Vg2/Vg3
– beskrive og tolke hovedlinjer i den politiske utviklingen i Norge etter 1814

Framtida.no har samla ei rekkje artiklar, ein quiz og lenkjer til aktuelle nettstader på Grunnlovssidene sine. Ta ein kikk!

Forslag til opplegg:
HISTORIE: Følg Christian Fredrik på Twitter, og diskuter korleis det ville gått med Noreg om me ikkje hadde gått inn i union med Sverige.

NORSK: Les desse sakene: http://framtida.no/articles/ein-rar-gamal-tekst#.UukAGrRwaUk og http://framtida.no/articles/vil-likestille-nynorsk-og-bokmal-i-grunnlova
Vel ut ein eller to paragrafar og omsett desse til nynorsk.
Diskutér i klasserommet om språket i Grunnlova burde vera nynorsk og bokmål.