Christian Fredrik er på Twitter

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tvitrar 165 år etter han døydde

Den 21.mai 1813 steig prins Christian Fredrik, tronfølgar til det dansk-norske riket, i land på Kirkøya i Hvaler i Østfold.

No kan du følga han dag for dag under opphaldet hans i Noreg i 1813 og 1814 på Twitter, basert på dagboknotata hans.

I mai 1813 sende Fredrik VI prins Christian Fredrik til Noreg som stattholdar, med von om å styrkja den norske truskapen mot krona. Truskapskjensla hadde lidd under Danmark si skjebnesvangre allianse med Napoleon. Ved Kielfreden den 14. januar 1814 måtte kongen avstå Noreg til kongen av Sverige. Sverige skulle få Noreg mot å verta med i krigen mot Napoleon.

Christian Fredrik valde å setja seg i brodden for ei norsk sjølvstenderørsle, og 17. mai 1814 underskreiv han ei norsk grunnlov og vart vald til norsk konge. Men etter ein kort krig med Sverige måtte han slutte fred ved Mossekonvensjonen av 14. august. Han måtte gå med på å gå av og gje makta over til Stortinget, mot at Noreg fekk halda på Grunnlova. Stortinget valde kongen av Sverige til ny norsk konge i ein laus personalunion 4. november 1814, etter å ha vedteke dei endringane i Grunnlova som unionen gjorde naudsynte.

Les meir på Wikipedia!

QUIZ: Kva veit du om Grunnlova vår?

Sjå tvitringa hans under: