Framtida
Publisert
Oppdatert 13.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg får skulde på samfunnet, slik er det blitt, og då må ein berre prøve å henge med så godt ein kan. Dette året trur eg til og med det begynte rekordtidleg, og det skulle ein meine er godt gjort.

Iallfall, det første teiknet såg eg på Gardermoen flyplass, eit stykke utanfor hovudstaden. Det er slik med oss nynorskfolk at vi rett som det er må ut og reise, i inn- og utland, for å tale nynorskens sak. Vere gode ambassadørar for målforma vår. Og eg var nett komen tilbake frå ei slik reise, der eg hadde halde lange talar for fulle hus – særleg var det mykje ungdom – og omvendt mykje folk til nynorsken. Eg hadde landa på flyplassen (eg har enno ikkje noko privat jetfly slik som den gamle skulekameraten min, Røkke, men det kjem nok) og gjekk med faste steg ut i ankomsthallen. Eg gjekk der med eit lite smil om munnen og tenkte på den store suksessen eg nettopp hadde opplevd, då eg fekk auge på det: Jula var komen. Dette var i slutten av oktober og det var, så vidt eg kunne rekne ut, to månader att til julafta, men det betydde ikkje noko. Det hang lange banner ned frå taket med ”God jul”, ”Merry Christmas”, ”Joyeux Noël” og ”Feliz Navidad” skrivne i gullskrift, og det hang grøne remser med små lys i. Det blei ikkje spelt julemusikk, men det var ikkje langt unna. Det gjorde meg litt tenksam, og eg måtte kjenne etter. Kom eg i julestemning? Nei, eg gjorde ikkje det. Du kan gjerne kalle meg gammaldags, men slutten av oktober er litt tidleg for meg til å kome i skikkeleg julestemning. Eg er på denne tida på ein måte ikkje heilt ferdig med badesesongen enno. Men eg måtte berre slå fast: utsmykkingskomiteen på flyplassen var ikkje einig med meg. Her skulle julestemninga alt byggast opp, sannsynlegvis for å få opp salet i taxfree-butikkane, som kanskje gjekk litt trått.

Og no er dette alt lenge sidan. Det er enno ikkje jul, men vi har trass alt kome så langt at eg har opna første luka i adventskalenderen (der var det bilde av eit litt ubestemmeleg dyr), og – eg innrømmer det – eg har så smått begynt å spele litt julemusikk. Eg får skulde på Gardermoen. Dei er ikkje friske.

Men no har eg levd med denne falske julestemninga så lenge at eg har hatt rikeleg tid til å tenkje på jula. Så når ho ein dag kjem og eg set meg godt til rette i stolen med ein haug julehefte og Disneyfilmar på tv, då er eg klar.

Og det beste av alt: Eg skal feire nynorsk jul. I år som i alle andre år. Og vi som feirar den nynorske jula har store fordelar. Der vi sit i godstolen og les ”Smørbukk”, ”Tuss og troll”, ”Vangsgutane”, ”Peik” og alle dei andre gode og spennande nynorske julehefta, veit vi at vi kan gå trøystig inn i jula. Vi kan berre leggje i oss av pinnekjøtet og juleakevitten utan å tenkje på helsa. For vi er jo nynorskingar og har dermed eit mykje sunnare utgangspunkt enn dei andre. Her er det ikkje mykje hjarte- og karsjukdommar å sjå, skal eg seie deg. Og når vi går rundt treet og syng ”Fager er jordi”, ”Det hev ei rosa sprunge” og ”Her kjem me, dine arme små” mens den nynorske julesnøen lavar ned utanfor, så kjenner vi at dette har vi fortent. Dette er belønninga for alt strevet og all motgangen vi må gjennom elles i året.

Mens vi tenkjer på bokmålingane som må syngje stusslege songar som ”Deilig er jorden” og ”En rose er utsprunget”, som slett ikkje får oppleve snø, men desto meir slaps og søle, og veltar seg på golvet med mageknip så snart ribba er fortært.

Og når vi vaknar juledagsmorgonen og ser ut på snøen og kornbanda med dompapar i, så tenkjer vi at vel er det mykje vondt i verda og vel er det mange folk som er dumme, men no kan vi gløyme alt dette. Og vi ser vidare innover i den nynorske jula og ser at den kjem til å vare ekstra lenge. Minst to dagar lenger enn bokmålsjula.