Framtida
Publisert
Oppdatert 10.11.2017 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Misforstått-geni-syndromet går ut på at kunstnaren er eit geni, men at ingen i heimlandet forstår kva genialiteten hans – eller hennar, teoretisk: Likevel må det i sannings namn nemnast at langt dei fleste misforståtte geni (i motsetting til verkelege geni) er menn, av ein eller annan grunn – eigentleg går ut på. Ingen vert, som kjent, profet i eige land.

Frustrasjonen over misforståinga driv kunstnaren ut på landevegen, til havs, djupt inn i skogen eller til syndefulle metropolar, kor han druknar talentet sitt i absinth og/eller kvinner før han endar sine dagar (einsam og kald) på eit trekkfullt loft, fortært av syfilis og/eller tuberkolose.

Først no forstår dei tanketome landsmennene kva dei har mista, at det misforståtte geniet på unikt vis skildra deira eigne (meiningslause) liv, og at dei aldri skal sjå hans like igjen. Og dei angrar bittert. Det misforståtte geniet gler seg over dette. Eller, det vil seie: Det ville han gjort, dersom han ikkje var død.

Hundre år seinare løyvar Staten eit titals millionar kroner til eit nasjonalt jubileum til det misforståtte geniets ære, men grunna administrativ inkompetanse forsvinn alle pengane og ingen veit kor, bortsett frå dei 464 000 kronene som gjekk til ein kommune på Nordvestlandet – kor det misforståtte geniet heldt til ein sommar, sat på ein stein og kokkelurte, kom med uhøviske framlegg til jentene og oppførte seg generelt ufordrageleg – for at dei skulle kunne lage eit syngjespel basert på ein ufullført diktsyklus det misforståtte geniet (nesten) skreiv medan han sat og kokkelurte på den før nemnte steinen.

Diverre vart syngjespelet avlyst – ingen veit heilt kvifor: Somme seier avlysinga skuldast at både skodespelarar og publikum heller ville vere heime og sjå fotball-VM, andre påstår at det var på grunn av flått, atter andre hevdar at prosjektet kollapsa då den tonedøve rådmannsdottera kravde å verte tildelt hovudrolla – og kommunen brukte difor pengane på nye korpsuniformar, samt tur til Bangkok for ordførar og formannskap. Det misforståtte geniet ville irritert seg over dette. Men, som nemnt: Han er død, og kan verken irritere eller glede seg over noko som helst.

No. Dei fleste norske kunstnarar er heldigvis fornuftige folk som ikkje går rundt og innbiller seg at dei er misforståtte geni, men viss ein bur i utlandet, er det umogleg for alle andre å forstå dette. Dei trur såleis at kunstnaren (i dette tilfellet eg) trur han (eg) er eit misforstått geni, og følgjeleg trur dei òg at det er veldig viktig for han (meg) å få lov til å tru at dei trur dette. Ein typisk samtale med ein landsmann kan difor arte seg slik:

–   Så du bur i Berlin, no, altså?

–   Det stemmer.

–   Janei, det var vel ikkje anna å vente…

–   Kva meiner du?

–   Vart vel for trongt i Noreg etter kvart, kva? For ein som deg.

–   Nei, det er fint i Nor…

–   Eg skjønar, eg skjønar. Eg skjønar så godt. Vert så provinsielt her heime, veit du. Alle skal ha ei meining om alt. Kan ikkje skape noko under slike forhold.

–   Som sagt, eg har ikkje eigentleg noko problem med…

–   Ein må isolere seg litt, var det ikkje det han sa?

–   Kven?

–   Han… Han der… Han med det lange håret…

–   Jesus?

–   Nei…

–   Knausgård?

–   Ja.

–   Han har klypt seg no.

–   Å?

–   Ja.

–   Men uansett. Han sa det jo. Hadde vore heilt umogleg å skrive dei der bøkene i Noreg. Går ikkje. Noreg er så…lite.

–   For min del trur eg det fint går an å…

–   Heilt umogleg.

–   Dessutan skal han jo halde opp med å skrive…

–   Atdetvar?

–   Han legg opp. Han har skrive tretusen sider for å forkynne at han ikkje lenger vil vere forfattar.

–   Akkurat, akkurat…

Relativt lang tystnad.

–   Han har tenkt å flytte heim då, kanskje?