Framtida
Publisert
Oppdatert 17.01.2018 16:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg sluttar ikkje å undra meg over at det er såpass mange som synest det er verdt å risikera å skitna til matfatet vårt med olje. I mine augo minner det om eventyret om kong Midas, som fekk den gåva at alt han tok i blei til gull. Kjekt ei stund, heilt fram til han skulle ha seg mat. Passar me godt på fisken vår, så vil han kunna metta oss i mange generasjonar. Olja, derimot, forureinar både når ho blir brukt “rett” og ikkje minst når ho flyt ukontrollert rundt i havet og på strendene.

Anonyme petroholikarar er ein organisasjon, eller eit kunstprosjekt, eller ein blodig alvorleg spøk, der dei som er avhengige av petroleumsprodukt (olje, bensin, plastikk i alle former) kan koma saman med andre i same situasjon og snakka om det. Slik som Anonyme alkoholikarar gjer det.  Vil du gjerne bruka bilen mindre, men får det ikkje til? Veit du ikkje kor du skal gjera av alle eingongsprodukta i plast som ein får overalt? Du er ikkje åleine! Det å innsjå at du har eit problem, er det første steget mot å løysa det. Anonyme petroholikarar (med den mykjeseiande forkortinga AP) er ein del av Folkeaksjonen OLJEFRITT LOFOTEN, VESTERÅLEN OG SENJA. På laurdag 19. februar blei det, i regi av folkeaksjonen, tent vardar over store delar av Noreg. Vardebrenning er frå gamalt av brukt for å varsla om fare, og me er mange som meiner at faren er stor i denne saka.

Med all respekt og sympati for dei som kjempar mot monstermaster i Hardanger: Dette er eit mykje viktigare spørsmål både for Noreg og for verda. Ingen kan leva viss havet døyr, heitte det i eit slagord frå meir aktivistiske tider, det er like sant i dag.

Dei av oss som likar å få hjelp frå gode forfattarar for å få opna augo, kan lesa Margareth Atwood si nye bok Flommens år.  I denne dystre (og komiske!) framtidsfabelen, kan me sjå koss det kanskje kan gå om me held fram på same måte som no. Kyllingplantar der det gror ferdige brystfiletar og lårstykke, kan det freista?

Eg kan ikkje dy meg for å slutta med eit vers av Fremtida e vårres, av Dag Kajander. Songen er skriven i 1978, men er dessverre endå meir aktuell i dag:

Førr skulle oljegiganteriet med sine yankees og forurensing

Kom’ te’ Nordland og ødlegg livet tel fuggel, fesk og alt folk som bor her

Da tar vi dæm på garnan og heng dæm på hjell!