Framtida
Publisert
Oppdatert 10.11.2017 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vibekur og Lindur heiter to kvinner i det hersens år 1999. Den eine er dotter av Bernhard Bergesson, som var gift med Gudrun Sigmundsdottir, den andre er kollega av Linda Bernhardsdottir, men om slektstilhøvet der i garden veit me mindre. Begge kvinnene er uvanleg vene å sjå til og begge arbeider som frettamadur, eller reporter som dei vart kalla i heimlandet på denne tida, for den norske radioen. Noko som me betre skjønar som utvarp, noko det sikkert også heiter i Noreg no på denne tida, altså vår tid, berre 370 år etter Ingolfur Arnarsson. Ein heilt annan sak er sjølvsagt at korkje du eller eg anar kva ein radio er. Novel.

No vik soga vestover, til dei mest vidgjetne øyane i heile Island. Til Vestmannaøyane. Langt frå Lidarende og Bergtorskvål. Der bur det ein mann. Mark heiter han, om slektskapen seier soga lite, men han er frå Vinland, og er på Vestmannaøyane saman med seks andre landsmenn. Mark kjem attende i soga om litt.

Vibekur og Lindur har gitt seg sjølve eit viktig ærend; Å finna noko som kan symbolisera deira eige tid. Eit manifest over det tjuande århundra, rett før verda skal gå over i eit nytt hundreår og eit nytt tusenår. Eg veit eg ikkje er den fyrste som skriv om år 2000. Men sidan framsynsoger er vorten slik populær lesing her på øya no, og sidan Snorre Sturlason har vore daud i over fem år, og diktartrona stadig stend ledig, vil også eg kasta meg uti det, og freista å vinna meg heider.

No er det det å seia om Vibekur og Lindur at dei landar på den største av Vestmannaøyane, nemleg Heimaøy. På den tida dei kjem dit bur det vel fire og eit halvt tusen menneske på øya. Ja, i dag bur det jo berre nokre handfullar der, men alt no er det gått så mange generasjonar sidan dei fyrste kom til øya, at den blodige soga er i ferd med å gå tapt. Men me bør alle hugsa trelleopprøret. Og korleis det gjeng når ein gjev trellar for mykje fridom. Den gongen var det Hjørleifur Hrodmarsson, som fekk banesåret av dei fem trellane sine, alle vestmenn frå den øya som på den tida denne framsynsoga tek plass heiter Irland, og folka der vert nemnde som irar. Men for at du som les dette her og no, skal kunna hengja på vert dei i denne soga kalla vestmenn. Vestmennene rømde frå Vik, tok med seg nokre trellekvinner, og sette kurs for dei ubudde øyane utanfor Bakki. Hjørleifur Hrodmarsson var som kjent fosterbror til sjølvaste Ingolfur Arnarson frå Dalsfjord i Sunnfjord. Nordmannen som vart den fyrste islending. Han sette sjølvsagt etter drapsmennene og midt i vestmennene si grilling av ein lundefugl, slo Ingolfur og hemnarane til. Novel, alle desse er ute av soga no, naturleg nok, men øya heiter såleis Vestmannaøyar, også på Vibekur og Lindur si tid. Når dei to reporterane kjem til øyane er det omlag elleve hundre år sidan manndrapa her. Og ingen tenkjer lengre på dei irske slavane. Lundefugl grillar dei derimot enno, og så tenkjer dei mykje på fisk. Og vulkan. Og kval, ikkje minst. Men i det siste har ein kval ført til mykje kvaler, noko som er eit framsynord og tyder av ein eller annan grunn tankebry.

Vibekur og Lindur meiner å vera på sporet av det 20 århundret og det har ført dei ut i ein liten plastbåt saman med vinlendingen Mark. (plast er litt for innvikla å forklara her, og dessutan vil ingjen tru meg om eg snakkar om flytande gull av gamle krypdyr) No styrer dei rett mot eit stort basseng ute i bukta, ikkje så veldig langt frå land. Vibekur og Lindur ser at Mark får tårer i augo, når dei nærmar seg det som nesten kan sjå ut som ei stor laksemære (oppfinning som kjem om omlag 720 år, brukt til å halda laks i fangenskap. Ikkje vill laks, men laks som er ei blanding av mange slag laksestammar og som sym rundt og rundt i ei mære der han vert fora som eit anna husdyr, og så slakta) Mark vinkar til venene sine som står på plattingar rundt bassenget, ei bu (større enn dei me nyttar på Tingvellir) har dei også der. Nokre av folka kastar fisk uti bassenget. Brått peikar Lindur og ropar til Vibekur, Sjå! Med det meiner ho at ho har sett kvalen. Kvalen Keiko. Det er nemleg slik i denne soga, at dette er ein kval som har vore med i ein film (populær tidtrøyte i framtida. Alle som spelar i ein film vert kjende Anten i heimgrenda, heimbyen, heimlandet, eller jamvel i heile verda!). Denne filmen, som vart kalla Free Willy (vinlandsk språk mange hundre år etter Leiv & Co) handlar om at ein ikkje skal drepa kvalar. Denne kvalen er sjølve symbolet på kvalen sin rett til fridom. Ehh ja, eg skjønar jo at dette vert noko voldsomt, men som eg sa, kva med å una oss ei rettelege fantasisoge no fem år etter Snorre så brutalt vart reven vekk frå oss. Dette er dessutan i hans ånd, for Mark er jo eigentleg ein helt. Helten Mark er i ferd med å gje kvalen Keiko eit leveleg liv. Livet som filmstjerne var ikkje naturleg for Keiko. Heilt sidan nokre fiskarar frå Vestmannaøyar fiska han opp då han var to år gammal, har han vorte halden i fangenskap. Han har lært seg å gjera som menneska vil, og han har aldri måtta bruka ein kalori på å få seg mat – alt verta kasta til han. Draumeliv for ein kval seier du? – Ja, men slik tenkjer ikkje dei som no bur i Vinland. Dette er eit snedig folkeferd som har uvanleg lett for å engasjera seg i saker som har med fridom, naud og urettvise å gjera. Særleg når det gjeld kvalar. Skuleborn, bestemødre, mobiltelefongigantar (orkar ikkje forklare nærare nett no, er så dritlei desse telefonane, sjølv om eg ikkje har opplevd dei enno. Kjem meir om det straks) har samla inn millionar av pengar for at Keiko skulle få oppleva det same som rollefiguren sin (filmspråk). Dei plasserte liksågodt Keiko i eit fly, eit slags langskip som går igjennom lufta i ein formidabel fart. Då flyet landa var det så baktungt at heile bakenden knakk og flyet vart ubrukeleg for alltid, og flyplassen (ein flat lang veg med ei bu) vart stengd i to dagar.

– Sjå! Ropar Lindur og peikar. Keiko stig opp or vatnet og buktar seg fram, den kvite flekken på ryggen, som heile verda kjenner, er ekte nok.

– Vil den nokon gong møte ei ho og få barn, spør Vibekur.

– Det ville offkårs vore ein draum som kom thrue, om Keiko sumde inn i solnedgangen saman med ein damekval, men det er vel nokså tvilsamt, me må vedgå det, seier Mark. Han og 40 andre vinlendingar jobbar med Keiko, for å læra kvalen å fanga fisk, og å samla inn pengar for å kunna halda fram med det. Det siste er vorte litt vanskelegare no, for dei som bur i Vinland på denne tida har også ein annan sterk vane – at dei gløymer lett. Difor passar mark & Co på at det heile tida kjem nyhende ut i verda, om Keiko. Då Lindur og Vibekur møtte Mark, tok han akkurat farvel med eit verdsomspennande TV-selskap. (TV er bokstavane for televisjon, og det liknar noko på film, berre at alle kan ha kvart sitt apparat i si eiga bu. Store slag og brannar og manndrap vert synte på TV slik at dei som ikkje kunne delta, får ei viss glede av det likevel.)

Craig McCall heiter ein mann. Han er har tent milliardar øyrer sylv på å selja desse apparata som gjer at kven som vil det, når som helst kan få tak i deg. Midt i blotinga, midt i eit manndrap eller ein holmgang vil ein i framtida kunna risikera at ei viv eller festmøy ropar deg opp gjenom apparatet og spør deg om du vil ha lundefugl eller griselabbar til middag. Novel, soga er ikkje mindre ironisk mot våre eigne heltar enn at det står Ericson på alle desse apparata hans. Craig McCall er den viktigaste personen for dei som har sitt daglege brød av å setja kvalen fri. Han gir dei millionar av pengar.

Glenn Close heiter ei kvinne. Ho er i den soga verdskjend fordi ho har spela i mange filmar. Glenn bryr seg også om Keiko, og skal lesa inn det ein kallar kommentarar til ein film om Keiko. Det er ein stor gest frå henne, for røysta hennar er verdt meir enn det største gardsbruket her på øya no.

Mark fortel Vibekur og Lindur om alt dei skal gjera med Keiko, og om spaninga alle kjenner no, berre nokre månader før dei skal utvida området hans med nokre meter og la han freista å fanga sin eigen fisk. Så om nokre år, kanskje mange, vonar dei at han vil symja sin veg, og finna sine eigne. Dei anar ikkje korleis dei andre vil ta imot Keiko, men dei skal sjølvsagt fylgja han med alskens instrumentar og framtidsting som berre ville få deg til å svimla om eg la ut om her. Men Mark er overtydd om at hans pionerverksemd (Ingolfur Arnarsson var pioner) med Keiko, vil gi ei ny innsikt i kvalars liv som menneska aldri trudde dei kunne få – og som dei rett nok aldri har bede om heller, men det siste der er sjølvsagt likegyldig for ei heltesoge som denne.

Mark fortel og fortel til Vibekur og Lindur vert svimmel og lyt på land. Her møter dei nokre unggutar som står og røykjer (ein stikk ein slags pinne i munnen og tenner på, og så dreg ein inn i munnen det ein greier å få inn, resten fer ut i lufta som røyk. Oppfinninga har på den tida Vibekur og Lindur har levd variert frå å vera symbol på intellekt og sjarme til å verta sett på som karakterbrest og fattiggmanns trøyst). Dei spør unggutane om Keiko.

– Snakk med han, faren hans var med å fanga Keiko! Ein langt tynn ungdom, peikar på ein sjenert kamerat.

– Kvar er far din no, spør Lindur. På fiske, svarar guten. Det har han visst vore heile tida, medan Keiko har engasjert ei heil verd.

No er det det å seia om den verda Lindur og Vibekur lever i på denne tida, at mykje er gale. Kvart sekund døyr eit menneske av svolt, det er krigar og ufred. Og det er urettvise. Mens ti svelt, kan ein bada i så mykje gull og kveg som han aldri kan bruka opp. Og dersom han vil bruka det opp, er det gjerne for å læra ein tam kval opp til å fanga fisken sin sjølv. Vibekur og Lindur veit at dei har funne symbolet på si eiga tid, og er ikkje berre glade.

No treng ein jo ikkje ta alle sorger på forskot. For oss er år 2000 uendeleg langt fram og sjølv om dette er ei framsynsoge lyt me sjølvsagt ha ein helt i soga. Vibekur og Lindur kan me berre gløyma, Keiko er eit umælande vesen og den vesle guten uendeleg keisam. Så lat oss berre seia det slik i denne soga, slik me har sagt det så mange andre soger: Mark er ein helt, ein vinlandsk hero, og så let me det vera med det.

Og her sluttar eg denne soga om Keiko frå Vestmannaøyar.