Framtida
Publisert
Oppdatert 10.11.2017 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då eg for mange år sidan leste Margareth Atwood si bok Tjenerinnens beretning (The Handmaid’s Tale ), var det særleg ein enkel detalj som festa seg. Boka handlar om eit samfunn der religiøse fundamentalistar har tatt makta og innført eit regime der kvinnene har mista alle rettar.

Det er ei brutal historie, med seksuell vald sett i system og slaveri og drap som fundament for ein patriarkalsk samfunnsstruktur. Men det eg likevel hugsar best, er koss regimet gjorde då det blei bestemt at kvinner ikkje kunne eiga noko eller ha eigne bankkonti. Alle datasystema var organiserte rundt personnummer, og alle personnummera hadde f for feminin og m for maskulin. Dermed var det ein enkel sak å overføra alt som stod i kvinners namn til næraste mannlege slektning. Så lett kan det altså gjerast! Denne boka kom ut i 1985, i dag finst det mykje meir sofistikerte måtar å kontrollera og overvaka oss på.

Stortinget har nett sagt ja til EU sitt datalagringsdirektiv, det vil seia at frå 2012 skal all informasjon om telefon- og internettbruk lagrast i seks månader her i landet.  EU sjølv drøftar om dette direktivet kan svekka personvernet.

Er du på Facebook? Då er du i godt lag, rundt 1,5 millionar andre nordmenn er der, for ikkje å snakka om dei millionane av brukarar i resten av verda. Facebook er eit privat selskap som vil tena pengar på dine personlege opplysningar og din vennekrets som du frivillig og gratis legg inn. Det er jo i seg sjølv ganske usympatisk, men verre er det at all denne informasjonen fort kan brukast til politisk kartlegging, slik det nesten skjedde i Tunisia.

Rett nok har dei sosiale media vore nyttige for opprørarane i dei arabiske landa når dei skulle mobilisera til demonstrasjonar, men ein treng ikkje så mange regimetru hackarar for å få tak i nok informasjon til å knekka eit opprør. Og liknande ting kan skje her hjå oss, dersom me får ei USA-inspirert regjering som meiner at i kampen mot terrorisme må ein ofra nokre personvernsspørsmål.

Sjølv om ein ikkje er på Facebook, og prøver å ha så lite informasjon om seg sjølv flytande rundt i samfunnet, er det lett å trø feil likevel. På treningssenter og på flyplassar vil dei ha fingeravtrykket ditt. Dersom du berre svarer på masse spørsmål om alder, utdanning og smak kan du få produktprøvar. Og er det eigentleg så farleg? Vel, det spørst om du er av typen som ikkje har lyst til å bli brukt av kommersielle interesser, om du er utprøvande og alternativ politisk og kulturelt og mislikar at nokon med ein vel formulert søknad med eit tilsynelatande godt føremål kan få innsyn i mobilbruken din.  “Eg har ikkje gjort noko gale, så eg har ingenting å skjula”, seier gjerne dei mindre paranoide blant oss. Men kva som er gale, er det ikkje kvar og ein av oss som bestemmer, det er dei landa me bur i og dei styresmaktene me har som gjer.

Det er gode tider for oss paranoide for tida. No er det så mange som er etter oss at paranoia ikkje lenger er ein diagnose, men ein overlevingsstrategi.