Framtida
Publisert
Oppdatert 10.11.2017 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Men så vart det nok.  Ja, det er ikkje heilt greitt å innrømme det, men det er sant. Det skjedde da krigføringa mot Gaddafi-styret hadde vart nokre veker. Eg vart oppgitt. Det gjekk ikkje så glatt å bli kvitt dei diktatoriske leiarane/partia/klanene som eg hadde håpt! Dessutan var det uro her og uro der, og da eg las eit avisinnlegg om at det var for lite dekning av oppstanden i Bahrain, skjønte eg at eg ikkje følgde godt med lenger – eg berre registrerte at det skjedde noko…

Lysta til å følgje med har ikkje vorte større av den rolla Vesten har hatt og har fått. Vi har støtta regima blant anna fordi dei har gitt ein slags stabilitet i ein uroleg del av verda. Interessa for olje har vore sterkare enn kampen for menneskerettar. Systematisk undertrykking av kvinner og religiøse minoritetar har nok vore ”nødvendige” punkt på dagsordenen når leiarar frå Vesten har møtt dei styrande i mange av regima. Og Saudi-Arabia har vel ingen turt å leggje seg ut med. Eg skjønner at diplomati og såkalla realpolitikk må vere prega av ein viss form for respekt, men no har Vesten plutseleg begynt å støtte motkreftene. Er ikkje det hyklarsk? Og er det rett å begynne med eigne åtak mot Libya? Jau da, dette har vorte nemnt i media au, men Dubai og Sharm-el-Sheikh som feriemål har nok vore meir framme enn undertrykkinga.

Eg har altså fått ein vond smak i munnen. Frå før har eg hatt det både i krigføringa i Irak og Afghanistan. Og korfor i hulaste skulle al-Qaida-leiaren Osama bin-Laden bli drepen? Kunne han ikkje vorte fanga og avhørt, i det minste? Huff. Eg er motlaus og i tillegg usikker på kva som er rettast å gjere.  Dette er tankar som eg har gjort meg, særleg no når eg eigentleg berre har nøgd med med å følgje overflatisk med i media på det som skjer.

Likevel har eg lært mykje av mediedekninga. Eg har skjønt at stoda har vore verre i mange av landa enn det eg hadde trudd og håpt, men eg synest media tydeleg har svikta i dekninga av kor ille fleirtalet (hugs kvinneundertrykkinga!) har hatt det.

Mediebruken min har nok ikkje gått ned, iallfall ikkje viss ein reknar boka som eit medium. På nett, i aviser og i etermedia har eg med interesse følgt med på norsk politikk, på Birkedal-saka, stoffet om motorsykkelbandane, den økonomiske utviklinga i Noreg, ressurs- og miljøpolitikk, innvandring og andre heimlege saker. Fotball og litt kjendiseri har eg sjølvsagt også fått med meg noko av. Det er saker som eg kan forstå betre. Stoff frå Noreg gjer meg vanlegvis ikkje forvirra av at eg har hatt eitt svart-kvitt-syn på regima i Middelhavs-området og Midtausten til å eksemplevis irritere meg over vestleg dobbeltmoral og bli usikker på kva som er rett, fornuftig eller heilt gale av utomverda å gjere.

Eg har nok også lese meir – om norske ”tyskarjenter”, om den nynorske avishistoria, om språklege identitetar, og etniske minoritetar i Norden, og no sist om Kola-halvøya. Du verda så lite eg har visst om denne naboregionen vår! No gler eg meg til å lese den nye boka til Mette Karlsvik om Island etter den økonomiske kollapsen. Eg har altså vendt blikket meir heimover att.

Dette kjem nok ikkje til å vare. Eg er jo spent på kva som skjer i dei landa som greier å riste av seg undertrykkande leiarar, og eg veit jo at det kjem andre, store saker frå den store verda som kjem til å interessere meg. Så forsvinn nok dei att au, dessverre, jamfør situasjonen i Haiti og Burma. Mange andre, kanskje like store saker, får eg nok aldri med meg, dessverre.  Og så har eg vorte klar over ein ting: Eg ønskjer den arabiske tv-stasjonen Al-Jazeera i kanalpakka mi.