Mette Karlsvik
Publisert
Oppdatert 09.11.2017 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vesle jólaften, klokka 05.45. Nokon bråkar frå tørkeloftet vårt. Tørkeloftet er naborommet til soverommet, så eg vaknar og står opp. I pysj, svevnvarm, og med draumene framleis i kroppen, går eg ut på loftet. Naboen står med baken mot meg, med framkroppen inn i boden sin, og skuffar alle tinga sine ut av boden, inn på loftet.

– HEI, seier eg, småsint. Det som eg trur er naboen, snur seg. Eg skjønnar straks at dette ikkje er naboen, men ein heroinist, som gryntar og tar eit skritt mot meg. Eg hylar, spring inn i bustaden og ringer 112. Først er eg redd. Så blir eg trist, på narkisen sine vegne.

Det er synd på narkisen. Dei tinga han stjal frå meg får han ikkje bruk for ved Akerselva kor dei heng. Tjuven fekk med ein av dei store baggene som eg skulle ta med på juleferie på fjellet, og som eg hadde hatt oppe på loftet. Der var mellom anna fjellklede og – sko, og skiklede og – sko. Og fire-fem julegåver med bøker signerte av Jan Erik Vold og Rønnaug Kleiva. Vi var jo på veg til juleferie, og skulle ta den første Dovrebanen nordover den dagen.

Og jau då, det rakk vi: Ein liten time seinare satt vi på toget til Trondheim, mot jól. Jau då. Jóla er tida for dei tragiske forteljingane kor alle dei malfungerande familiane kjem fram i lyset. Det finnst fleire triste jóleforteljingar, enn ideelle. Per Aabel, H. C. Anderssen, Alf Prøysen, Charles Dickens, Jokke Nilsen har skrive triste historier om alkoholiserte nisserfedre og jenter med fyrstikker. Moralen er nesten alltid denne: Viss noen oppfører seg slemt, så er det ein grunn for det.

Eg trur ikkje at innbrotstjuven er slem. Han hadde det kanskje ikke så greitt heime, eller møtte utfordringar seinare som han ikkje klarte. På eit eller anna punkt var det i alle fall nokon som svikta. Med ”nokon”, meiner eg staten. Norske ungar er av dei mest uavhengige i heile verda. Vi er av dei som i størst grad får våre eigne liv – tidleg, og er minst knytt til foreldra våre. Og vi er av dei som skal ha best utbygga velferd i verda. Den norske staten er relativt sterk. Den styrar ganske mykje.

Eg er av den meininga at den kan bli enno sterkare på nokre område. Jau, det er eit politisk ukorrekt fråsegn. Folk flest ønsker ein svakare stat. Dei ønsker at staten kontrollerer mindre, og meir av det som ein kallar ”liberalisme”. I høve politikk, betyr det ofte at marknaden rår. Det betyr ofte at dei sterkaste og/eller rikaste blir sterkare, men mindre fridom for dei fleste.

Eg trur at dei fleste sidene av staten tener på styring frå sentralt hald. Men særleg gjeld det dei minste menneska i staten vår. Ungar, som ikkje kan verge seg mot den situasjonen dei blir fødd inn i. For barn sin skuld, så trur eg på ein sterkare statleg institusjon. Det er det tryggaste for å sikre rettane til dei svakaste i samfunnet vårt. Eg ønsker meg heildagsskule og leksehjelp. Det kan utlikne ulikskapene mellom familiar, og dempe den negative effekten av malfungerande familiar.