Framtida
Publisert
Oppdatert 09.11.2017 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Amnesty kjempa vi for menneskerettane ved hjelp av kopimaskin, frankeringsmaskin, falsemaskin og faxmaskin. (Til deg som undrast kva ein falsemaskin er: Det er ei genial innretting som brettar eit A4-ark i tre, slik at det passar perfekt i ein standardkonvolutt. Eg vart etter kvart ekstremt dyktig til å false.)

Eg ynskjar ikkje å stigmatisere nokon eller noko, men det kan ikkje leggjast skjul på at den typiske menneskeretts-brytaren var ein stat med brutal kolonihistorie og mangelfullt utvikla demokratiske strukturar, slik som Indonesia, Colombia eller DR Kongo. I tillegg fanst ein annan gjengangar, nemleg verdas einaste supermakt og vår næraste (NATO-)allierte: USA. Men medan dei andre nemnte hadde eit rikt repertoar av menneskeretts-brot – tortur, innskrenking av ytringsfridomen, vilkårlege forsvinningar, you name it – skuldast USAs høge listeplassering (den gongen) ein einaste ting: Dødsstraff. Som einaste vestlege demokrati praktiserer USA dødsstraff. Som den eine av berre to statar (den andre er Somalia) har USA ikkje ratifisert FNs barnerettskonvensjon (som forbyr avretting av mindreårige).

Ein delstat utmerka seg som særskilt triggerhappy: Texas. Frå 1995 til 2000 heitte delstatsguvernøren George. Som alle politikarar var George oppteken av å syne handlekraft, men medan politikarane her heime gjerne freistar syne slik handlekraft gjennom å få ned barnehagekøane, sjukehuskøane, aldersheimskøane osb, var kongstanken til George å gjere noko med avrettingskøane, og i denne perioden avretta Texas 154 personar – korav 152 menn og 2 kvinner – samtlege ved giftinjeksjon i delstatsfengselet i Huntsville. George var ein særs populær guvernør, og etter kvart fekk han ideen om at denne populariteten måtte kunne reproduserast på landsbasis: Han ville verte president. Sidan alt lukkast for George, lukkast òg dette: Han vart president, nett som far sin.

George

Mr. Triggerhappy? George W. Bush. (Foto: Flickr.com)

Etter ei tid inntrefte ein tragedie: Nokre terroristar frå eit besynderleg nettverk som kalla seg Al-Qaida, kapra nokre fly og styrta desse inn i nokre bygningar i New York, og meir enn tre tusen menneske mista livet. George vart rasande, og dét synst eg ikkje vi skal kritisere han for: Eg ville òg verte rasande dersom einkvan utan sakleg grunn tok livet til tre tusen menneske i Noreg. Det som derimot kan diskuterast, er reaksjonane hans i etterkant. Alltid hadde han orientert seg i tilværet etter leveregelen an eye for an eye and a tooth for a tooth: No ville han ha hemn, og det kunne han få ved å gå til krig, men problemet var at i det moderne samfunnet må ein ha ein såkalla aktverdig grunn for å gå til krig, og hemn vert generelt ikkje sett på som nokon slik aktverdig grunn. Han måtte difor finne (på) noko anna.

Det han fann (på) var dette:

a)      vi må gå til krig mot Irak fordi det finst masseøydeleggjingsvåpen der (dei gjekk til krig, men fann dei ikkje).

b)      vi må gå til krig mot Afghanistan fordi Osama bin Laden (leiaren for Al-Qaida) finst der (dei gjekk til krig, men fann han ikkje).

Her heime skapte dette visse problem. Norske veljarar og difor politikarar var ikkje særskilt motiverte for sende troppar til tvilsamt grunngjevne krigar i fjerne og framande land, samstundes som ein ugjerne ville avvise USA, vår næraste allierte, i ein for dei særs vanskeleg situasjon. Kort sagt: Norske folkevalde ville ikkje seie ja, og kunne ikkje seie nei. Løysinga vart difor å seie tja. Vi sender militære styrkar til Afghanistan (men ikkje til Irak) – viss (og berre viss) vi får ein lovnad om at dei vert stasjonert i ein del av landet kor det ikkje er særleg farleg! (Det har synt seg at det er ganske farleg der likevel, men no er det for seint å angre.)

Det var dealen. Som sagt så gjort. Noreg sendte styrkar til Afghanistan, og dei vart stasjonerte i Meymaneh, i den relativt sett rolege nordlege delen av landet. Samstundes byrja politikarane med ei underleg form for språkleg tåkeleggjing: Krigen i Afghanistan var ikkje ein krig, men ein militær aksjon, og vi kjempa ikkje mot afghanarane, men mot Taliban og Al-Qaida. (Taliban er ei skjeggete islamistgruppering som styrte Afghanistan frå 1996 til 2001.) Det bør understrekast at det finst særs gode grunnar til å kjempe mot Taliban. Dei er til dømes imot musikk og jenter: Kan ein tenkje seg noko meir idiotisk? Men sanninga er at Noreg ikkje har militære styrkar i Afghanistan fordi jenter skal få gå på skule. Derimot har vi militære styrkar der fordi George skal få hemn.

Her er vi (endeleg) framme ved poenget: I den seinare tid har det vore ein viss debatt kring haldningane som gjer seg gjeldande mellom styrkane våre i Afghanistan. Det har mellom anna vore offentleggjort video-opptak kor ein soldat hevdar at å drepe er betre enn sex. Eg kan ikkje vurdere denne påstanden, eg har aldri drepe nokon, og eg må seie eg mistenkjer at soldaten bak utsegna aldri har hatt sex. Forsvarsminister Grete Faremo sa at slike haldningar er forkastelege: Dei kan ikkje brukast, altså må dei kastast. Eg er ikkje sikker. Føremålet med krigen er (mellom anna) å drepe (for å ta hemn (på veigner av andre)). Dersom ein skal ta del i krig, bør ein vere god til å drepe, og dersom ein skal verte god til noko, bør ein vel like det?

Underskrivne var sivilarbeidar i Amnesty fordi eg hadde nekta å avtene militær verneplikt. Årsaka eg oppgav for å nekte var at eg var pasifist. Det var ei nesten like tvilsam grunngjeving som den norske grunngjevinga for å delta i krigen i Afghanistan. Eg er prinsipiell motstandar av valdsbruk, og ynskjer eit tilvære (for alle) utan vald eller trugsmål om vald, men eg kan ikkje utelukkje at det finst (hypotetiske) situasjonar kor det å bruke vald vil vere både naudsynleg og rett. Den verkelege årsaka var at eg ikkje kunne tenke meg at eg hadde noko talent for militær disiplin, at eg ville gjere noko meiningsfylt i vernepliktsperioden, at eg ikkje ville tilbringe eit år i ei brakke i Nord-Norge, eg ville vere i byen, gå på café og treffe jenter osb.

På nittitalet var det framleis slik at den som nekta å avtene militær verneplikt måtte forsvare dette standpunktet i avhøyr hjå politiet. Betjenten som avhøyrte meg var svært hyggjeleg og venleg, og gjorde meg i forkant merksam på kva eg kunne og ikkje kunne seie. Eg kunne (og burde) seie at det å motta opplæring i våpenbruk ville bryte med mi grunnleggjande overtyding. Eg kunne ikkje gje uttrykk for usemje kva gjeld norsk forsvarspolitikk, og særskilt ikkje for motstand mot Noregs medlemskap i NATO. Då ville søknaden om fritak verte avvist, eg ville verte tvinga til å avtene verneplikta mot min vilje, og dersom eg framleis nekta, ville konsekvensen verte fengselsstraff i ein periode som tilsvarte vernepliktsperioden. (Dei som (eventuelt) trur at Noreg har (og alltid har hatt) full ytringsfridom, kan merke seg at sjølv i moderne tid finst situasjonar kor (vernepliktige) norske menn kan motta fengselsstraff for å ytre seg kritisk om den norske staten.)

Arbeidet i Amnesty var både variert og meiningsfylt. Ein av dei første dagane ringte telefonen, eg tok han og mannen som ringte presenterte seg som Oberst Muammar Gaddafi, Libyas president. Han var på veg til Haugesund med båten sin. Det gjekk opp for meg at den sjølvgestalta President Gaddafi berre trong einkvan å prate med, og vi samtalte om diverse emne eit kvarters tid, før eg returnerte til arbeidet, som denne dagen besto i å kopiere og distribuere til medlemmene ein appell til guvernøren i Texas om å utsetje avrettinga av Jerry ”The Animal” McFadden, som vart dømt til døden i 1987 for drapet på tre kvinner. Appellen vart ikkje teken til følgje, og McFadden vart avretta ved giftinjeksjon den 14. oktober 1999, etter tolv år på Death Row.