Framtida
Publisert
Oppdatert 09.11.2017 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hijab eller ikkje hijab? Dét er spørsmålet. Dette (tilsynelatande) relativt harmlause skautet er vår tids store stridstema. Dersom eg forstår dei rett, vil til dømes Framstegspartiet – “for folk flest” – innføre både forbod mot, skatt på og dødsstraff for bruk av hijab.

Siste kvinne ut er stortingsrepresentant Mette Hanekamhaug, som meiner tida no er inne for å innføre sanksjonar mot hijab i barneskulen: “Hijab er et kulturelt symbol på kvinneundertrykkelse. Det er ikke det kristne korset”. (Denne påstanden kan diskuterast, for eksempel med dei mindreårige sexslavane til den kristne fanatikaren Joseph Kony og hans Lord’s Resistance Army, men ok, whatever, som det heiter.)

I forslaget frå Hanekamhaug til Stortinget heiter det vidare at “når man tvinger barna til å bruke hijab blir de lært opp i et kjønnsapartheid, som forkynner at kvinner er mindreverdige” osb. Dette med tvang skal eg kome attende til, men først eit tips til Hanekamhaug: Pliz, sett deg inn i den historiske bakgrunnen for omgrepet apartheid, slik at du for framtida kan unngå å nytte det på andre område enn der det høyrer heime. Takk.

Førre veke lanserte òg den norsk-irakiske forfattaren og statsstipendiaten Walid al-Kubaisi tv-dokumentaren “Frihet, likhet og det muslimske brorskap”, kor han hevdar at dei (altså det muslimske brorskapet – slå det opp på Internett og finn ei absurd mengd propaganda og anti-propaganda) ynskjar å innføre ein islamistisk stat med sharia-lover i Europa, og at hijab er eit sentralt element i den hemmelege planen for å lukkast med dette.

Sidan al-Kubaisi sjølv er muslim, og dessutan på sitt beste ein klok og reflektert skribent, har eg eit ynskje om å ta han alvorleg. Men eg undrast. Tilfeldigvis er det slik at eg har mitt daglege virke på ein svært fleirkulturell arbeidsplass – nemleg det offentlege biblioteket – i det som tradisjonelt har vore Noregs mest fleirkulturelle by – nemleg Bergen – kor eg har rikeleg høve til å observere hijab-brukarar i sitt naturlege miljø.

Særleg er det mange jenter med somalisk bakgrunn der, og eg spør meg sjølv om desse jentene, med sine hengslete, men likevel elegante lekamar, med sine mobiltelefonar og grenselaust enerverande tenåringsfnising, med sine heilt usannsynlege mengder parfyme med duft som av Babylons hengande hagar – om det verkeleg kan vere slik at desse jentene i løynd drøymer om innføringa av Kalifatet? Eg må berre erkjenne at det er vanskeleg for meg å tru. Men kvifor skulle Walid al-Kubaisi tale usant? (Det er ikkje eit retorisk spørsmål.)

Personleg ser eg, ærleg talt, på hijab med ein viss skepsis. Det er problematisk at knapt kjønnsmogne norske jenter dagleg nyttar eit mentalt prevensjonsmiddel for å verne seg mot vaksne menns (destruktive) seksualdrift. Samstundes er det òg problematisk når andre norske jenter i same alder ifører seg minimale toppar med påskrifta RAW TEENAGE PUSSY! i eit forsøk på å tiltrekkje seg den ovanfor nemnte (destruktive) mannlege seksualdrifta. Begge delar bør likevel vere tillate. Det er ufornuftig å tenkje at vi kan forby alt kva fyller oss med skepsis. For å låne ein frase frå mine meiningsmotstandarar: Slik kan vi faktisk ikkje ha det i eit liberalt demokrati.

Hovudargumentet for hijab er som kjent religiøst, og difor i prinsippet ugjendriveleg, men lat meg gjere eit forsøk: Ein gud som ein gud som lizm er heilag og allmektig, men samstundes manisk oppteken av korrekt antrekk hjå menneska han har skapt, er ein latterleg gud. Sorry. Men kvifor skal vi ha forbod mot noko som er latterleg? Vi trur alle, i større og mindre grad, på latterlege fenomen. Utopiar.

Framstegspartiet trur på den frie marknaden (men ikkje, fascinerande nok, på den frie viljen). Kongehuset trur på sjelevandring og rosenterapi. Personleg trur eg på at Bryne ein dag skal rykke opp igjen til Tippeligaen og kvalifisere seg for Champions League. Etc. Det å basere tilværet på grunnleggjande vrangførestellingar er faktisk svært menneskeleg. (Eg kjenner ei viss glede over at vi ikkje er perfekte.)

Så var det dette med tvang. Utgongspunktet for Hanekamhaug seg ut til å vere at alle som nyttar hijab, gjer det fordi dei vert tvinga. Eg tvilar. Det finst då mange som seier at dei ynskjar å nytte hijab? Mine meiningsmotstandarar vil utan tvil hevde at dei som vil, eller seier at dei vil, eigentleg ikkje vil likevel, dei berre trur dei vil, grunna sosialt press.

Til dette er det å seie at alle konvensjonar (dels) er eit resultat av sosialt press, og at det er fullt mogleg – og ikkje minst: Lovleg – å velje å vere konvensjonell. Dei fleste av oss lever særs konvensjonelle liv, og vi tillatar oss å tru at dette er eit resultat av våre eigne, frie val. Det er vår soleklare rett. Kvifor meiner Framstegspartiet at akkurat muslimske jenter skal fråkjennast denne retten?

No. Ikkje alle menneske trivst med alle konvensjonar, og det er grunn til å tru at det finst norske jenter som, av ulike årsaker, nyttar hijab mot sin eigen vilje. Berre av omsyn til desse skriv eg (under sterk tvil) denne teksten. Det er nemleg slik at det finst ei løysing på problemet. Om dette er relevant for mange eller få er i seg sjølv uinteressant – løysinga er like genial anten ho vert til nytte for hundre tusen jenter eller berre ei.

Altså (for endeleg å kome til saka): Synet av kvinnehår forvandlar (som kjent) mannen til en sex-demon. Det praktiske føremålet med hijab er difor å skjule håret. Men i september 1877 kom eit barn som vart kalla Jacob Schick til verda i ein liten by i Iowa, og 46 år seinare patenterte han den første elektriske barbermaskina. I dag finst ei rad ulike modellar på marknaden, og dersom du er (eller kjenner nokon som er) ei jente som nyttar hijab under tvang, veit du kva du har å gjere.

Rak deg, gå stolt ut i vinteren og kjenn gleda over snø mot naken hud. (Ein ekstrabonus er jo at dette vil kunne medføre ei identitetskrise for landets nynazistar. Dersom snauskalle vert hipt mellom muslimske jenter, kva skal dei då finne på?) Mette Hanekamhaug, du kan få lov til å gå føre med eit godt eksempel: Eg forventar at du stiller på Stortinget over nyttår med same sveis som Kåre Willoch.