Krise i klubben!

Nils Henrik Smith
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dagens synsing skal handle om fotball. Dette opplevest kanskje som skuffande og urettvist for dei (eventuelle) lesarane som (eventuelt) ikkje likar fotball, men til folk som ikkje likar fotball har eg ingengting å seie, bortsett frå følgjande trøystens ord: Sæle er dei som er fattige i si ånd, for himmelriket er deira (Matt. 5.3.).

Som nemnt i ei tidlegare synsing kjem eg frå Jæren, og som nemnt går dette stort sett heilt greitt, men ein ubehageleg konsekvens av å kome frå Jæren er at eg er dømt til å halde med Bryne Fotballklubb frå livet byrjar og til det endar. Eg skal ikkje på nokon som helst måte freiste å leggje skjul på at dette ofte kan vere særs frustrerande. Fotball er ein vidunderleg sport, men samstundes er det diverre óg slik at fotballklubbar har ein nærast uforklarleg evne til å påføre sine tilhengjarar uuthaldeleg smerte og liding. Kanskje ville det vere betre å berre interessere seg for sporten i seg sjølv (der Ball an sich), men dette er ein uoppnåeleg idealtilstand for dei fleste fotballtilhengjarar. Personleg oppdaga eg at eg var Bryne-tilhengjar ein oktoberdag i 1987, då Bryne slo Brann 1-0 etter ekstraomgangar i cupfinalen på eit gjørmete Ullevål Stadion, og vann klubbens første og hittil einaste trofe. På dette tidspunktet hadde eg alt spela (eller kva eg no skal kalle det) for Bryne sitt miniknottlag ei god stund, men fram til cupfinalen hadde eg ikkje synt nokon særskilt interesse for kva A-laget føretok seg. (Eg kan hugse at ei jente i klassa og eg var på Stadion tidlegare same haust, men vi såg ikkje på kampen, vi samla tomflasker som vi skulle pante, og for pengane kjøpte vi BUGG!)

Cupfinalesigeren, den største triumfen i klubbens historie, var difor, slik eg oppfatta det, gledeleg, men ikkje overraskande. Eg hadde ikkje noko samanlikningsgrunnlag, og gjekk difor ut frå at det same, eller noko liknande, ville gjenta seg kvar sesong. Slik skulle det ikkje gå. Året etter rykkja Bryne ned, og sidan har uttrykket ”Bryne Fotballklubb” vore eit sononym for vanstyre, kaos og dårleg økonomi.

For tida er det, som vanleg, krise i klubben. Inntil nyleg hadde dei ikkje vunne ein einaste kamp heile sesongen, og laget låg sist på tabellen. Difor gjorde dei det alle fotballklubbar alltid gjer når ting ikkje går som dei vil: Dei sparka trenaren. Straks dei hadde gjort dette vann dei ein kamp, og laget ligg no på ein glimrande nest-sisteplass på tabellen! Dette fekk mange til å tenkje at det var ei god avgjerd å sparke trenaren. Rett nok sa kapteinen, Roger Eskeland, at den sparka trenaren var ein god trenar og at det var spelarane som hadde ansvaret for å prestere ute på banen, men dette seier alle fotballspelarar alltid når ein trenar får sparken, og grunnen til at dei seier det er sjølvsagt ikkje at dei meiner at den sparkar trenaren var ein god trenar og at det er spelarane som har ansvaret for å prestere ute på banen, men fordi dei gjerne vil at den nye trenaren skal tenkje at dei er lojale spelarar som vil synast at han er ein god trenar og som tek ansvar for å prestere ute på banen!

No. Altså. Som nemnt: Bryne sparka trenaren og vann sin første kamp for sesongen. Eg er mellom dei som meiner at det var rett å sparke trenaren og at det truleg burde vore gjort på eit langt tidlegare tidspunkt. Men samstundes meiner eg óg at dette i seg sjølv ikkje er nok. Sterkare lut må til. Lat oss sjå litt på fakta: Før dei sparka trenaren hadde Bryne vunne 0 % av kampane sine. Etter at dei sparka trenaren har dei vunne 100 % av kampane. Og ikkje berre det: Ettersom Bryne er det einaste laget i dei to øvste norske divisjonane som har sparka trenaren hittil denne sesongen, tyder det at alle lag som har sparka trenaren har vunne alle kampane sine etter at trenaren fekk sparken. Det syner seg altså, reint statistisk, at alle lag som sparkar trenaren alltid vinn alle kampar etterpå.

Mitt forslag til Bryne – klubben i mitt hjarta – er difor følgjande: Dei bør sparke trenaren før kvar kamp! Det seier seg eigentleg sjølv: Vitskapleg utarbeida statistikk syner at denne strategien har ein suksessratio på 100 %. Lag som følgjer ein slik strategi vil alltid vinne alle kampar. Det er heilt enkelt uunngåeleg. Bryne vil rykkje opp, vinne ligaen, cupen, meisterligaen og verdsmeisterskapet for klubblag. Triumf skal følgje triumf! Å! som eg gler meg!

Det einaste som uroar meg litt er at andre lag skal oppdage denne geniale strategien. Kva skjer dersom alle lag tek til å sparke trenaren før kvar kamp? Kva skjer dersom to lag som begge nett har sparka trenaren møtest til kamp? Som vi veit, har vitskapen synt at begge laga må vinne, men det er som kjent umogleg, og kva hender då? Eg fryktar at universet som ein konsekvens av dette kan eksplodere. Vi Bryne-tilhengjarar må difor gjere alt vi kan for å halde strategien vår skjult.