Ein herre med bart

Lars Mæhle
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dei med riktig godt minne, vil hugse at eg i ei tidlegare synsing refererte nye, banebrytande forskningsfunn.  Kjapt oppsummert: Teorien, slik den sveitsiskfødde professoren Albert Bitzius sette den fram, handlar om at fleirtalet av despotar i verdshistoria har vore påfallande små av vekst. Hypotesen til Bitzius var at småvokste, bevisst eller ubevisst, frå barnsbein av manøvrerer seg mot maktposisjonar. Dette fordi dei alltid vil forsøke å kompensere for lågt og/eller manglande sjølvbilete, eller rett og slett fordi dei er leie av å sjå bakhovud på rockekonsertar eller på kino. Boka suste som ein brannfakkel gjennom akademiske korridorar verda over.

Men sidan den gongen har det kome ny – og kanskje enda meir oppsiktsvekkande forskning på feltet. Temaet er igjen overkompensering. Teorien blir framsett av den belgiske førsteamanuensisen Rolf van der Zipp, tilsett ved Universitetet i Brüssel, i tidsskriftet Humanistisches finurlegkeiten.

Belgia er kanskje ikkje kjent for å ha fostra flust av gigantar innan kunst og kultur. (Ein vanlagnad dei deler med land som Sveits, Andorra, Liechtenstein osv.) Men det kan det snart bli ein slutt på. For ikkje berre motbeviser van der Zipp Bitzius sine teoriar om småvokste, men han går lenger: Han lanserer ein anna og hittil ukjent – men ikkje desto mindre opplagt – link mellom diverse maktglade despotar.

Tenk deg godt om. Kva har td. Hitler og Stalin til felles? Jo, dei var begge korte av vekst. Sant nok. Men det er ein annan ting som spring ein enda tydlegare i syne.

Eg snakkar sjølvsagt om ansiktshår. Eg snakkar rett og slett om bart.

Er det ikkje sjølvsagt? Sjå berre på desse bileta av Hitler og Stalin.

Er ikkje det to usedvanlege døme på ekstrembartar, så veit ikkje eg. Er det tilfeldig at nettopp desse to står att som dei mest fryktinngytande herskarane i verdshistoria? spør Rolf van der Zipp på frekt retorisk vis. Og van der Zipp stansar ikkje der. Han legg stein på stein med døme for å underbygge tesa. Sjekk så denne karen, og du har ein teori.

Inspirasjon for hypotesen hentar van der Zipp frå psykologien generelt og Freud spesielt. Det å la barten vekse er eit indirekte teikn på 1) å framstå som kraftfull, potent og/eller 2) at dei har noko å skjule. Sjå her! kan ein tenke seg at barteberar X (ubevisst) prøver å seie i første tilfelle. Sjå denne barten midt i ansiktet! Har de sett noko så imponerande! Nei, det har de nok ikkje, og i morgon trur eg at eg invaderer Polen. Eventuelt etter andre forklaringsmodell: Å? Kvifor eg har bart? Skjult agenda? Nei, for all del, eg har ikkje tenkt å få heile verda til å hylle meg med strak høgrearm. Det er berre ei avansert form for morgongymnastikk.

Ein kan trekke denne barteteorien enda lenger om ein vil (og det vil ein sjølvsagt). For: Er det kanskje eit slumpetreff at så mange skurkar i teikneseriar har bart? Eg trur ikkje det. Berre tenk på td. Barte-Sam  i Snurre Sprett, for slett ikkje å glømme Mikro-Midas i Donald. (Sorry, han har visst ikkje bart, men skummel er han åkke som.)

Vidare finst det mang ein lumsk type i Trondheim og omegn. Dette er velkjent, og blir via eit eige kapittel i van der Zipps avhandling.

Kva med td. han her? Ville du kjøpt tupperware av denne fyren?

Og heilt til sist, på toppen av kransekaka: Kva med denne typen?

Epp, epp, epp! seier du no kanskje. Er ikkje Olav Stedje nettopp eit døme på det motsette, at folk med bart er fromme og fredsæle?

Nei, kjære deg. Olav Stedje er unnataket som stadfestar regelen! (Men sjekk id-nummeret til Stedje i adressefeltet på diskografi.no-linken, så kan du så spørje deg om dét er tilfeldig.)

Berre ein ting er vel rimeleg sikkert etter dette: Verdsbiletet vårt blir aldri det same. Lenge leve akademikarane! Aldri eit kjedeleg augeblikk med dei bak spakane.