Framtida
Publisert
Oppdatert 03.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hovudstadsavisene, altså, ikkje berre det lokale bondelagsbladet. Førre gongen var ingrediensane dei tradisjonelle bygdenorske: Nokre gutungar, ei heimbrentflaske, ein stolen traktor, ein kjerreveg og ei stupbratt ur. Ingen kom alvorleg til skade, men artig var det lell. No har vi større problem: Natt til sjette juledag braut det ut brann i Hølond-kyrkja, eit gamalt trebygg i utsøkte stilartar. Utruleg nok kan den perifere skogsgrenda skilte med eige brannvesen, så sløkkingsarbeidet gjekk fort og skadane vart minimale. Men frykta har likevel gripe oss. Jamsides kyrkja låg det, i perfide formasjonar, to veldige dyreknoklar. Undersøkingar synte at brannen var påsett. Ingen vågar seia det høgt, men alle tenkjer vel sitt: Satanistar. Forderva ungdom vi snarast bør finne og institusjonalisere. Mi eiga farmor, ei kvinne i moderne buksedrakter, glad i pizza og sprudlevatn, kunne ikkje skjøna kva foreldre slike utskuv har. “Koss er dei oppsedde! Eig dei ikkje samvit! Er ingenting heilagt!” Og verst av alt: At sånt kan hende på landet! Ei stille bygd som Hølonda, flat og attgrodd. Når mørke krefter finn vegen dit, då kan ingen vera trygge lenger.

I mi eiga skuleklasse går det ein einaste elev frå Hølonda. Han er odelsgut på den tradisjonsrike Olsen-garden, men har longo proklamert at karrieren hans vert akademisk, ikkje bondsk. Enn så lenge bur han heime. På fritida øver han matematikk og les opp tal i bingoklubben. Med ein betre fysikk kunne han venteleg engasjert seg i fotballklubben, eller sunge i mannskoret. Då har eg stort sett nemnd fritidstilbodet på Hølonda. Med eit slikt spekter av suggerande aktivitetar tilgjengeleg, er det sjølvsagt uforståeleg at nokon kan finne det opportunt å tenne på kyrkja. Dei lyt vera sinnsjuke, rett og slett.

Eg har møtt nokre eksemplar av den norske ungdomsarten, og sjeldan vorte imponert. Dei fleste er tiltakslause, vulgære og materialistiske. Ein kan saktens verta uroleg for framtida til nasjonen. Med den grufulle kosten deira er det tvilsamt om dei veks opp i det heile, men skulle dei gjera det, står Noreg framfor enorme utfordringar. Kompetanse, arbeidsmoral, intelligens; dei vantar det meste, desse sjofle vandalane. I media fylgjer den eine skandalen etter den andre. Narkotika, anoreksi, mobbing … Far får hjarteklapp, bestemor græt og ber seg, atter andre snur seg i grava. Verre og verre, dag for dag. I tusenvis av år no. Ja, som vanleg søkte eg råd hjå filosofane, og mintest etter kvart Aristoteles’ velkjende klage over gresk ungdom på si tid. Etter seiande var tilstanden nokså ille allereie då. Grannen min, fekk eg vita, røyka hasj og gjekk i demonstrasjonstog på syttitalet. Han laut ha hatt griseflaks som ikkje enda opp i tvangstrøye. Men dette var digresjonar. Det er min generasjon, i denne augneblinken stasjonert framfor fjernsynet, i ferd med å eta seg feit, som kjem til å velte det norske velferdssamfunnet.

Her trengst det drastiske tiltak. Vatn og såpe, fyrst og fremst, skolering, bank, salmevers, heile den velkjende regla. Det tykkjest kanskje opplagt, men grundigare vurdering vil avsløre ein fatal brest i planen. Trass alt er det balanse i dag. Ungdomen skjemmer seg fullstendig ut, medan heilage eldre kan sitja og klage. Kva anna skal dei gjera? Det er bingokvelden på Hølonda, så klart. Men resten av veka står tom. No veit vi ein del om dagdriveri og keisemd. Om ikkje gamlingane konstant kunne kritisere ungdomen, og more seg kosteleg med dét, hadde dei brent kyrkjer i staden. Og satanismen ville skremme oss alle.

I ein fyndig aforisme kommenterer Arnljot Eggen omgrepet “ungdomssynder”. Alderdomssynder, skriv han, vert det aldri tala om. I desse øksetider skal ein vakte seg vel for småfrekke bibelallusjonar; terskelen for spontane blasfemiskuldingar er låg på eldreheimen i Melhus. Men litt som Kristus ber all verdas synd på sin rygg, ber ungdomen ugjorte alderdomssynder på sin. Systemet er overlag enkelt: Vi syndar, dei klagar, og alle er eigentleg nøgde.