Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 03.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heile rettssaka har passert på same måten, stendig forstyrra av tilrop og protestar. Mellom anna skal han i Allahs namn ha forbanna barten til domaren. Dette var eit grovt hån mot sjølve manndomen hans. Eg, for min del, ser hendinga som eitt av mange klimaks i ein overlagt underhaldande farse, heilt på høgde med det beste av ordinær komikk. Det er ingen spøk å verta hengt, men litt artigare er det – for åskodarar, riktig nok – når den dømde fullstendig neglisjerer normene som plar gjelde i ein rettssal, og eigentleg ikkje aksepterer retten som autoritet i det heile. Saddam Hussein hevdar framleis å vera sjef i Irak. Skal han dømast til dauden, bør det iallfall skje med godkjenning frå leiinga – tilfeldigvis han sjølv.

Lell om framferda for så vidt er eineståande, vantar han slett ikkje åndsbrør i verda. Ein annan moromann i vinden no om dagen er nordkoreanske Kim Jong-il. På mange vis driv han sporten sin endå lenger enn Saddam. Når ein veit det vil ende i galgen, har ein sjølvsagt lite å tapa på nokre siste livlege sprell. Men som president i ein isolert og skakkøyrd nasjon, ville ein kanskje tru det interessant å freista snu tilstanden. Men ikkje denne karen. Kim går til det drastiske steg å gjennomføre ei atomprøvesprenging. Han er kanskje galen, men dum treng han ikkje vera. Altså skjønar han, slik den mest nedsnødde potetfarmar i Gauldalen òg ville skjøna, at påfunnet neppe slår heldig ut. Situasjonen er longo spent til brestepunktet, det kan på ingen tenkjeleg måte gagne Nord-Korea å vifte med atomvåpen. Likevel: Han gjer det. Er sin eigen herre, går sin eigen veg, tilsynelatande upåverka av hendingar kringom seg. Det minnar meg om gamlingen på berghylla i Sunndal, han sat framom fatet med graut. Brått bles vinden taket av hytta. «Det vart no trekkfullt», sa han, og gomla vidare.

Døme nummer tri er like aktuelt. Mahmoud Ahmadinejad, president i Iran, var upopulær hjå vestlege styresmakter nesten før dei visste namnet hans. Fyrste gongen eg såg det muntre, skøyaraktige andletet, vart eg full av framtidsvon. Her var det saktens duka for teater! Og Mahmoud leverer. Ei av kjernesakene er den store jødeplagen. Med Vigrid deler han synet på holocaust: Eit amerikansk-sionistisk svindelforsøk. For å verifisere galskapen, arrangerte han like godt ein konferanse, der lærde iranske menn skulle revurdere «prov» i saka, og sidan konkludere ufeilbarleg. Tony Blair var straks ute og fordømde. Som respons vart han invitert nedover. Mahmoud gjer narr av oss, men freistar ikkje dølja det. Smiler skjelmsk, berre, som ein gut etter harmlause peik. På nettet har han blogg. Islamsk liturgi er blanda med radikal propaganda, der FN, Pahlavi og USA i sanning får passa sine påskrivne. Kva gjer vel det? I eine hjørnet kan du velja, heilt fritt for represaliar, kva farge du vil at sida skal ha – raudt, grønt, blått. Snakkar om sørvis!

Eg er sjølv ein fredsæl borgar, som ganske kategorisk sym med straumen. Får eg kritikk av noko slag, er eg straks på defensiven. Men sett i lys av all dårskapen kring meg, skulle eg somtid ynskje eg var ein Saddam, ein Kim eller Mahmoud; vyrdnadslaus, halsstarrig, blotta for skamvit. Usårleg, ikkje minst. Same kva menneske hevda, kunne eg svara aldeles irrasjonelt. Så mykje lettare alt hadde vore, om ein slapp å ta stilling til staten, soga, normene, alt i hop. Ein ville jamvel hatt tid til å utrette eitkvart.