Ola A. Hegdal
Publisert
Oppdatert 01.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Papirlappen ligg der saman med ei kulepenn, berre i tilfelle dei store ideane skulle dukke opp om natta. Det hadde vore synd og skam om ettertida skulle bli frårøva store og vesentlege innsikter, berre fordi eg har slurva med tilgangen til papirlappar.

Ein morgon eg vakna opp, stod det noko på lappen. Det var skrive i ei merkeleg blanding av blokkbokstavar og løkkeskrift, fullt av overtyding og nesten uforståeleg, med tre utropsteikn etter. Du kan seie det var den skriftlege utgåva av opprømt snøvling.

Eg hadde tydelegvis fått ein openbaring i drømme, Så hadde eg sett meg opp og krota ned denne store tanken i halvsøvne, før eg hadde lagt meg ned for å sove vidare, i trygg forvissing om at menneskeheita var brakt eit langt skritt vidare. Noko som var merkeleg, for orda som stod på lappen ga meg absolutt inga meining i det heile.

På lappen stod det: Kreft = fotvorter!!!

I fleire dagar gjekk eg rundt og funderte på den hemmelege tydinga i denne meldinga frå meg sjølv.

Kreft = fotvorter?

Var det ein vits? Ein skisse til eit haiku-dikt? Eller hadde eg skreve det heile berre for å narre meg sjølv opp i stry, eit slags utspekulert peik frå nattepersonen retta mot dagpersonen? Det hadde i så fall vori temmeleg typisk for slike nattepersonar.

Etter mange lange fotturar og mykje kontemplasjon, demra det endeleg. Dei tre utropsteikna var ikkje eitt for mange: Eg hadde ganske enkelt løyst kreftgåta i søvne.

Tankegangen (eller drømmegangen) var denne: Kreft er så utbreidd at det må komme av noko som er ganske vanleg. Noko som smittar lett frå menneske til menneske. Noko vi ikkje så lett legg merke til eller tenkjer så mykje på, for eksempel, fordi det finst under fotsolane våre.

For kva gjer fotvorta, når ho har fått fotfeste? Jo, ho kaprar hudcellene og tvingar dei til å vekse ukontrollert, akkurat slik ein kreftsvulst gjer det.

Tolmodig veks fotvorta inn igjennom huda, inn i kjøttet og blodårene, kor ho leverer den dødelege lasta si: Små infiserte cellepakkar med vortekreftsmitte!

Blodet transporterer dei små kreftspirane rundt i kroppen. Dei festar seg på strategiske stader og begynner å vekse til innvendige vorter, såkalla ”svulstar”.

Samstundes sørgjer den ytre delen av fotvorta for å leggje igjen spirer på baderomsgolvet, slik at ho kan spreie seg til neste fotsole og neste menneske.

Eg skjøner korfor eg vart begeistra for teorien. Den er enkel og likevel revolusjonerande. Den følgjer ein slags tiltalande skrekklogikk, kor dei uskuldigaste ting plutseleg viser seg å vere livsfarlege.

Diverre trur eg ikkje lenger på den. Etter å ha overveid saka nøye, har eg bestemt for å ikkje rydde plass på peishylla for Nobelprisen i medisin.

Men, dersom et team av forskarar likevel ein gong i framtida skulle avdekkje at all kreft eigentleg skyldast fotvorter: Ikkje gløym kor du hørte det først!