Framtida
Publisert
Oppdatert 30.10.2017 10:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Auga pilar i alle retningar, stiller fokus inn i korte augeblikk av gongen på alt rundt oss; hamna, dei pittoreske murhusa i alle fargar, båtane som duppar roleg ved brygga, passasjerane som går av båten og forsvinn i alle retningar. Vi trekker pusten. To månader. To månader på italiensk jord ligg framfor oss. To månader på den vesle øya Procida, rett utanfor Napoli.

Vi hadde vore i Italia før. Fleire gongar. Vi synest Italia og italienarar er sjarmerande. Og akkurat dette ordet, ”sjarmerande”, er det som oftast blir brukt når ein omtalar dette landet – og folket som bur der. Kvifor? Og er det sant? ER verkeleg italienarar djupast sett sjarmerande?

Viss ein skal undersøke denne påstanden, er dette det aller første ein må tenke over: Kva samanliknar vi med? Jo, vi samanliknar sjølvsagt med oss sjølve, innbilske som vi er. Vi samanliknar lynnet til italienaren ut frå nordmannens vesen. Altså: Italienarar er sjarmerande samanlikna med nordmenn.

La oss sjå litt nærmare på dette. For kva for omgrep blir nytta for å karakterisere nordmenn? Jo, da trekker vi straks negativt lada ord opp av lommene – ”reserverte”, ”sjenerte”, ”usosiale”, ”ukulturelle”, ”kalde”, ”drikkfeldige”, ”lite spontane” og ”lite inkluderande”. Det er ikkje måte på kor kritiske vi blir i slike sjølvransakande stunder. Mens italienarar, franskmenn, ja, folk frå middelhavsområdet generelt, omtalar vi på tvert motsett vis. Vi seier: Italienarar er ikkje reserverte, dei er ikkje sjenerte, dei er kulturelle og drikk vin berre til maten, mens nordmenn berre drikk vin utanom maten og dansar halvnakne på grisefestar verda over. Nei, hadde vi berre vore halvparten så sosiale, varme, impulsive og inkluderande som italienarane, da kunne vi begynt å snakke.

Vel, etter to månader i Italia vil eg gjerne få nyansere desse synspunkta.

Italienarar er sjarmerande, men berre når dei sjølv vil.

Observasjon: Dei fleste av oss har vore på italiensk restaurant. Vi har sett syngande, knipsande og lurt blinkande kelnerar showe rundt oss i stim. Slik er dei, italienarane, tenker vi. Herlege folk. Men da har du ikkje møtt jenta i nærbutikken på hjørnet. Da har du ikkje møtt den muggsure, arrogante jenta i lokalbutikken på øya Procida. Jenta som behandla oss som luft. Jenta som bevisst ekspederte folk bak oss i køen før oss. Jenta som truleg hadde tusen knuste drømmar om å bli stjerne bak seg, men som enda opp her, på denne vesle lokalbutikken, der ho går rundt i den same, salamistinkande lagerfrakken kvar dag, og let sine bitre livserfaringar gå ut over dei stakkarane som slenger innom butikken, der HO og ingen annan i verdsrommet regjerer. Du jente på lokalbutikken på Procida: Måtte du ein gong kome inn i din eigen butikk og bli ekspedert av deg sjølv! Fy skam deg.

Idet eg skriv dette, merker eg: Det er like før konklusjonen blir snudd på hovudet, at eg må konstatere: Italienarar IKKJE er sjarmerande.

Men da har eg glømt kor fantastisk service vi fikk i den vesle bakarbutikken litt bortanfor den nemnte lokalbutikken. Den snille dama som smelta oss med smilet sitt kvar dag. Dama som gav oss varene sjølv den dagen vi glømte lommebøkene våre. Dama som gav bollar gratis til dottera vår. Den same dama som strålte opp og vinka til oss da vi møtte henne på busshaldeplassen. Vi har ikkje glømt deg, kjære snille deg. Vi vil alltid hugse smilet ditt.

Søritalienarar er ikkje kremmarar.

Observasjon: Skilnaden på Nord- og Sør-Italia er stor. Mens det i nord tumlar over med rike businessfolk, har dei i sør eit meir avslappa syn på pengar. Det finst faktisk eit eige politisk parti i Nord-Italia som kjemper for å lausrive nord frå ”slappfiskane” i sør. Etter å ha vore to månader på den vesle øya Procida, kan eg bekrefte at dette biletet faktisk stemmer.

Søritalienarar kan nemleg vere både sosete og late. La meg ta eit eksempel: Eg skulle skrive ut eit manus som eg hadde på minnebrikka min. Eg gikk dermed i god tru til nærmaste PC-butikk. Da eg kom inn, var eg einaste kunde i butikken. ”God dag,” sa eg på stotrande nordmørs-engelsk, ”kan eg skrive ut eit manus på 80 sider?”

Mannen bak disken sukka. Eg såg straks at dette blei vanskeleg: Dette kunne han nok gjere, sa kroppshaldninga hans, men han orka ikkje. Det ville ta for lang tid. Ja, der t.d. sunnmøringen straks ville tenkt: ”Hurra! Ein slant å tene! Ein slik sjanse lar eg neimen ikkje gå frå meg!”, tenkte søritalienaren: ”Dette blir mykje styr. Og eg tener ikkje SÅ mykje på dette at eg gidd så mykje styr.” Og søritalienaren sa: ”Eg kan ikkje skrive ut manuset ditt. Gå til den andre PC-butikken på Procida.”

Ja vel. Eg gjorde så. Da eg kom inn i den andre PC-butikken, gjentok eg spørsmålet. Og svaret var: ”Eg kan ikkje skrive ut manuset ditt. Gå til den andre PC-butikken på Procida.”

Da har eg eit kort augeblikk glømt at eg fekk skrive ut manuset mitt likevel. Eg fann ein kopibutikk der dei fiksa det så lett som berre det. Og eg kom tilbake fleire gongar. Eg skreiv ut fleire versjonar av manuset. Eg kom på hels med innehavarane. Dei var hyggelege folk. Og no er eg igjen på gli, tenker eg, mens eg skriv dette: Italienarar ER sjarmerande (men ikkje alle søritalienarar er kremmarar).

Det finst ikkje ein einaste kvadratcentimeter i Italia der du ikkje risikerer å bli påkjørt.

I boka Verken her eller der. Frå Hammerfest til Istanbul skriv Bill Bryson følgjande om trafikken i Roma: ”For det første foreligger det en konstant fare for å bli overkjørt … Ikke det at de forsøker å ta livet av deg, slik som i Paris, men de kommer til å ramme deg. Det skyldes delvis det faktum at italienske bilførere aldri følger med på det som skjer på veien foran dem. De er for travelt opptatt med å tute, gestikulere vilt, hindre andre kjøretøyer i å komme over i filen deres, elske, daske til ungene i baksetet og spise en sandwich på størrelse med en baseball-kølle, og ofte alt på én gang. Når de først oppdager deg, er det mest sannsynlig i bakspeilet – som noe som ligger igjen etter dem på veien.»

På Procida var det ikkje riktig slik. Der var det enda skumlare. Vegane var så smale at knapt to vespaer kunne passere kvarandre. Det er elles noko grunnleggande urovekkande med ein bilpark der alle, absolutt ALLE bilane har skraper på sidene. Dessutan: Alle italienarar eig eit kjøretøy, og dei kjører rundt i det overalt. Dei orkar ikkje gå fem meter til butikken for å handle. Dei kjører. (Dette har nok gitt opphav til gåta: Kva er det som går og går og aldri kjem til døra? Svar: Veit ikkje, men det er i alle fall ikkje ein italienar, for han ville KJØRT til døra.) Og her skulle vi gå med barnevogn. Det var galskap, tenkte vi. Vi må halde oss innandørs desse to månadene.

Det var før vi gjorde ein viktig observasjonar om den italienske biltrafikken: Du kan ikkje nøle eitt sekund i italiensk trafikk, da blir du påkjørt. Men viser du resolutt, ja, gjerne i eit litt aggressivt ganglag i kva for retning du har tenkt deg, DA tar italienske bilistar omsyn til deg.

Men seier du sikkert no … de hadde jo med barn i trafikken … kva …? Jo, no skal du høre:

Det bur eit barn inne i alle italienarar.

Det er ikkje å overdrive å seie at italienarar elskar barn. Det er å underdrive. Sjølv hardbarka machotypar forandrar personlegdom når dei ser ei lita jente eller gut. Og viss du i tillegg har ei dotter med lyst hår og blå auge, da går dei heilt av skaftet. Folk i alle aldrar og uansett kjønn brøyta seg veg over borda på restaurantane for å kome bort og helse på dotter vår. Dei kunne ikkje hjelpe for det. Det låg i blodet, dette. Ja, den skumle bakaren med alle tatoveringane gikk ned på kne og snakka med barnestemme til henne. Familiefaren på nabobordet kom bort til oss og blåste såpebobler. Tiggarane på kaia i Napoli glømte å be om pengar. Det bur eit bittelite barn inne i alle italienarar. Det sit der inne og keiar seg og berre ventar på å møte andre barn å leike med.

Eg kunne vel skrive side opp og ned om fleire trekk ved italienarane. Men no må eg snart avslutte. Og vi har da kome ganske langt? Vi har stadfesta at italienaren ER sjarmerande, men berre av og til. Vi har funne ut at søritalienarar ikkje er kremmarar, at dei derimot er sprøyte sprøe bak rattet – og at dei attpåtil befinn seg bak eit ratt ca. 87% av sitt vakne liv. Og sist, men ikkje minst har vi konstatert at det bur eit bittelite barn i alle italienarar. Og da har eg framleis ikkje kommentert maten, men det gjer eg no: Maten i Italia er FANTASTISK!

Med andre ord: Reis til Italia! Kast deg ut i trafikk så vel som matfat. Du vil ikkje angre. Og viss du angrar, er du berre ein usosial, usjarmerande, ukulturell, drikkfeldig og lite spontan nordmann. Nemleg.