Er du B-menneske? Her er ei god nyheit til deg

Framtida
Publisert
Oppdatert 03.11.2017 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag kan du sove éin time ekstra

Saka var først publisert hjå ABC Nyheter

Mange mislikar ordninga med at vi må stille klokka, men heldigvis er det ofte lettare å venje seg til vintertid enn sommartid.

Då får ein nemleg éin ekstra time søvn om natta, og får lysare morgonar slik at ein slepp å dra til jobb i mørket.

Difor stiller vi klokka

Ordninga med å stille klokka stammar heilt tilbake til 1916. Det var Tyskland og Austerrike-Ungarn som var fyrst ute med ordninga, og hovudmålet var å spare straum.

I 1980 følgde Noreg etter, og sidan 1996 har sommar- og vintertiden vore den same for alle EU- og EØS-landa.

Det verkar likevel som om mange har store problem med å hugse kva for ein veg klokka skal stillast når ein går frå ei tid til ei anna. Og dei som bommar, risikerer å få heile døgnet forskove med to timar.

Sjå video frå dei som bestemmer kva klokka er i Noreg her!

Gode hugsereglar

Dirfor er det ikkje utan grunn at mange har tydd til hugsereglar for å minne seg sjølv om kva for ein veg klokka skal stillast.

Ein grei hugseregel er at du alltid skal stille klokka mot nærmaste sommar. Det vil seie at du om våren stiller klokka framover mot sommeren. Og om hausten skal den tilbake mot sommaren.

Ein annan regel er at sommar- og vintertid er slik som hagemøblane. Om sommaren tar ein dei fram. Om vinteren tar ein hagemøblane tilbake inn.