Det er enkelt å kritisere media for alt konfliktstoffet dei formidlar. Det let seg lett gjere å forklare korfor det er så mye konflikstoff også. Og – det er eigentleg heller inga sak å skjønne korleis det har vorte tenkt i redaksjonane rundt omkring når konfliktstoffet har vorte utforma.

Framtida
Publisert
Oppdatert 26.10.2017 13:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er mye konflikt i norske medium, og det synest eg absolutt vi skal vere glade for. Ikkje slik at eg synest alt som smaker av konflikt fortener rom i media, men tenk på alternativet – ein journalistikk utan konfliktstoff. I vår mediekultur går det ikkje an å tenkje seg at journalistar skal lage hyllingsartiklar om kongen, statsministeren eller ein annan maktperson. Det er heilt utenkjeleg å sjå for seg at sendingar og avissider skal vere fulle av gladsaker, ros, kosestoff og ingenting som smaker negativ kritikk. Ja, eg presiserer negativ, for kritikk kan jo også vere positiv.

I demokratiske samfunn skal journalistikken blant anna vere kritisk til dei som sit med makt, og vi snakkar om media som den fjerde statsmakta. I mange tilfelle kan nok media vere altfor snille med dei som sit med makt og påverknadskraft – det treng ikkje berre vere politikarar, byråkratar og næringslivstoppar, men like gjerne livstils- og kulturmisjonærar i musikk- og motebransjen. Da risikerer vaktbikkja å bli ein ufarleg stashund, ein puddel.

Eitt av nyheitskriteria som journalistar arbeider etter, er nettopp konflikt: Finst det ei konflikt her? Om det er tilfelle, aukar det moglegheita for at akkurat dette kan bli ”stoff” eller ”sak”. Andre nyheitskriterium er til dømes om dette er noko aktuelt, om det gjeld mange, eller er sensasjonelt – det vil seie høgst uvanleg. Desse kriteria er heilt greie, dei, men bruken av dei kan vere diskutabel.

Lat oss seie at ein person som har ei halvviktig eller viktig rolle i samfunnet har sagt eller skrive noko som eg meiner er kontroversielt. På eit redaksjonsmøte kan eg nemne dette, og seie at eg trur det kan vere utgangspunkt for ei sak. Da er det naturleg at nokon som meiner noko heilt anna, også får sleppe til. Hm, kven da? Jau, i mange redaksjonar prøver ein da å finne fram til folk som er totalt ueinige. Somme gonger er det heilt rett. Viss ein høgreekstremist går sterkt ut og seier at det er løgn at jødar vart gassa ihel under andre verdskrigen, må ”opponenten” nødvendigvis vere nokon som kan tilbakevise løgna til ekstremisten. Da får vi ei polarisering, vi får to motstridande oppfatningar om det same. Men så enkel som i dette tilfellet er det mange konfliktar som ikkje er. Men i media kan det verke slik.

Ikkje alt som blir framstilt som konfliktar i media, er eigentleg konfliktar. Det kan vere at folk er ueinige, ja, men nokon ordentleg konflikt er det i grunnen ikkje. Det kan berre verke slik. For eksempel kan det hende at synspunkt blir ”spissa”, det vil seie at ein bruker det som ligg i ytterkant av ei oppfatning – eller eit talmateriale, at ein sløyfar informasjon eller synspunkt som gjev eit breiare eller ”mjukare” inntrykk, eller at ein bevisst vel nokon som ein veit vil bruke store og krasse ord. Da kan nesten kva som helst verke som ein konflikt.

Media må forenkle og skal få fram konfliktar, men på eit sannferdig grunnlag. Journalistar skal sjekke fakta, og om nokon bruker statistikkar og tal, så skal ein etter god journalistskikk kontrollere opplysningar som skriftlege kjelder eller intervjuobjekt kjem med. Det intervjuobjekt meiner, må dei få meine utan at journalisten pyntar på dei. Det er ikkje alltid dette skjer.

No kan vi setje dette om i praksis. Regjeringa gjer noko – FrP er sikkert imot. FrP vil ha strengare innvandringsreglar – RV er sikkert imot. Finn-Erik Vinje klager over nynorsken igjen – Noregs Mållag er garantert imot. Natur og Ungdom vil verne vassdrag – FrP er sikkert imot. Ein organisasjon som støttar Israel kjem med eit utspel – Palestinakomiteen er imot … De skjønner uansett teikninga – og også denne utgreiinga er sjølvsagt ei forenkling. Hugs det.

Det å forenkle ulike synspunkt kan vere med på å auke ueinigheit og kvele ordskifte. Og enda verre, det kan vere med på å hindre at folk med ulike oppfatningar kan bli einige. For den frie debatten som kan gjere oss klokare og bringe oss vidare, hører også med til oppgåvene media skal ha. Det er så altfor lettvint å gripe til ytterkantar, til dei som meiner det motsette. Og er det ei sak som dukkar opp ein dag, så prøv å gjett kva slags ”motpart” som kjem til å kommentere eller gå imot … Tenk på det neste gong de ser eit debattprogram til dømes i TV2.